Hopp til innhold

Dette var avgjerande for at jegerane kunne skyte ned mykje meir hjort enn vanleg

Då jegerane sine frysarar var fylte til randa, hadde lokale bedrifter løysinga klar. I løpet av den intensive jakta i haust har Haugen gardsmat i Flåm teke imot 250 hjorteskrottar.

Hjorteskrottar i kjøleanlegg på Håbakken i Lærdal

KJØLEKONTEINAR: Med hjelp frå lokale bedrifter er det rigga til med oppheng for hjorteskrottar i kjølekonteinaren. Konteinaren er av typen som blir brukt på frakteskip for å frakte kjølevarer rundt om i verda.

Foto: Fredrik Hestetun

Odd Ohnstad

GOD KONTROLL: Odd Ohnstad i Haugen gardsmat seier jegerane har vore nøye med slaktehygiene og merking av hjorteskrottane som dei har hengt inn i konteinarane. – Slik har vi hatt god kontroll på kjøtet, seier han.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fleire lokale bedrifter gjekk saman og fekk i haust på plass ein kjølekontainar i Flåm i Aurland og på Håbakken i Lærdal. Blant dei var Odd Ohnstad i Haugen gardsmat i Flåm.

Der kunne jegerane henge inn hjorteskrottane medan dei venta på svar på om dyret var smitta av skrantesjuke. Ohnstad har ikkje tal på kor mange dyr som har vore innom konteinarane, men sjølv har han kjøpt vel 250 dyr for vidare sal.

– Det som hadde skjedd om vi ikkje hadde dette anlegget klart, er at jegerane hadde skote mykje mindre dyr. Og i eit forvaltningsperspektiv hadde ikkje det vore ønskjeleg i det heile, seier Ohnstad.

I håp om å redusere faren for at den dødelege skrantesjuka skal smitte over frå villrein til hjort har det i haust blitt skote ned svært mykje hjort i området rundt Nordfjella. Berre i Lærdal er talet skotne hjortar minst 650, noko som er langt meir enn det jegerane sjølve har kapasitet til å vidareforedle.

Takkar dei lokale bedriftene

Kjøleanlegg på Håbakken i samband med hjortejakta

SPESIALTILPASSA: Kjølekonteinaren er tilpassa behovet for lagring av hjorteskrottar.

Foto: Odd Ohnstad
Kjøleanlegg på Håbakken i Lærdal i samband med hjortejakta

INNEBYGD: Dei lokale bedriftene fekk bygd inn fronten på konteinaren, slik at jegerane kunne stå innomhus når dei arbeidde med å henge opp skrottane.

Foto: Odd Ohnstad

Odd Ohnstad i Haugen gardsmat i Flåm er sjølv svært oppteken av viltforvaltning. For å bidra til at jegerane i kommunane rundt Nordfjella kunne ta ut mest mogleg hjort i løpet av jakta, var han ikkje sein å be då han forstod at det kom til å bli problem med kjølekapasitet.

Fleire har vore med i spleiselaget for å leige kjølekonteinarane, ordne med straum og plassering og rigge dei til innvendig for oppheng av hjorteskrottar. Lærdal kommune, viltfonda i Aurland, Lærdal og Årdal, fjellstyret i Aurland og Lærdal og Miljødirektoratet har alle spytta inn pengar.

Viltforvaltar i Lærdal, Aurland og Årdal, Knut Fredrik Øi, seier det hadde vore umogleg å skyte ned så mange dyr utan kjølekapasiteten bedriftene fekk på plass.

– Dette har fungert veldig bra, og det er takka vere dei lokale bedriftene at vi fekk det til, seier han.

Har selt hjortekjøt til butikkar og hotell

Jeger Fredrik Hestetun i Lærdal har sjølv nytta seg av kjøleanlegget. Han gir skryt til dei lokale bedriftene for å leggje til rette.

– Den auka kjølekapasiteten har vore veldig, veldig viktig for oss. Vi har ikkje hatt kapasitet til å ete alle dyra vi sjølve har skote, så det har vore utslagsgivande at vi har kunne levere frå oss kjøtet på denne måten, seier Hestetun.

Dei 250 hjortane som har enda opp hos Haugen gardsmat er selt vidare som både steik og filet til daglegvareforretningar i Sogn og Fjordane og Hordaland, til hotell og restaurantar og på Bondens Marknad i både Bergen og Oslo.

– Det har vore god etterspurnad. Dette er eit produkt folk likar veldig godt.