Jarlsberg-kutt kan få konsekvensar for over tjue arbeidsplassar

Om lag 20 arbeidsplassar i Florø og Balsfjord står i fare når Felleskjøpet no ser konsekvensane av utflagginga av produksjonen av Jarlsberg-ost.

Jarlsberg-ost

FLYTTAR PRODUKSJONEN: Jarlsberg er den mest populære norske osten i utlandet. No satsar Tine vidare på produksjonsanlegg i USA og Irland.

Foto: NRK

Stortinget har kutta over 100 millionar kroner i støtte til eksporten av den populære Jarlsberg-osten. Årsaka er internasjonale krav om kutt i subsidiar.

Det er bøndene sjølve som eig både Tine og Felleskjøpet gjennom landbrukssamvirket. Når mjølkeproduksjonen blir kutta med 100 millionar liter i året, får det konsekvensar.

Felleskjøpet melder no at dei vurderer å leggje ned kraftfôrfabrikkane dei eig i Florø i Vestland og Balsfjord i Troms. Produksjonen skal flyttast til andre fabrikkar.

– Bortfallet av eksportstøtte til Jarlsberg gjør at Felleskjøpet forventar ein nedgang i salet av kraftfôr og omsetning på om lag 50.000 tonn. Det gjer at vi sjå på korleis vi skal tilpasse oss marknaden, seier kommunikasjonssjef i Felleskjøpet, Thomas Skjennald.

I Florø risikerer 11 fast tilsette og tre lærlingar å miste jobben, i Balsfjord kan nedlegging råke om lag åtte arbeidsplassar.

Gunda Johansen

UROA: Ordførar i Balsfjord, Gunda Johansen (Ap).

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

– Sjølvsagt beklageleg

Ordførar Gunda Johansen (Ap) i Balsfjord tykkjer det er beklageleg at Jarlsberg-kutta no kan få følgjer for små lokalsamfunn.

– Det er sjølvsagt beklageleg. I ein kvar kommune, særleg i distriktskommunane, så er kvar einaste arbeidsplass av stor viktigheit, seier Johansen.

Produksjonen av kraftfôr til mjølkeproduksjon blir no truleg samla i vest på Vestnes i Romsdal og i Vaksdal utanfor Bergen. I nord blir næraste fôrfabrikk i Steinkjer.

Det fører til lenger transport av fôr til dei ulike bøndene, noko som uroar leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

– Vi har forståing for at det må gjerast endringar, men eg tenkjer også på den viktige beredskapen det er å ha dyrefôr tilgjengeleg i nærleiken, seier Felde.

Styret avgjer

Ordføraren i Balsfjord har alt vore i kontakt med leiinga i Felleskjøpet for å finne ut om det er noko kommunen kan gjere for å hindre nedlegging.

– Der fabrikken ligg på Bergneset ligg forholda godt til rette med djupvasskai og lett tilkomst, seier ordføraren.

Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap), har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.

Det er styret i Felleskjøpet som til sjuande og sist skal avgjere lagnaden for dei to fabrikkane og dei over tjue tilsette.

Felleskjøpet i Florø

KAN BLI KUTTA: Felleskjøpet sin fabrikk i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK