Hopp til innhold

Januargolf i Lærdal

Ikkje alle saknar snøen. I Lærdal nytta fem gode kameratar sundagen til ein runde golf på ei grøn og telefri golfbane.

– Eg saknar ikkje snøen. Det har vore ein strålande haust der eg har vore mykje opp på golfbana, seier Ingebrigt Wangensten Gjerde.

Saman med fire kameratar har han tilbragt sundagen på seksholsbana i Lærdal. I haust førebudde dei seg på frost og laga i stand vintergreenar, men så langt har dei ikkje vore brukte.

Ingebrigt Wangensteen Gjerde

SAKNAR IKKJE SNØEN: Ingebrigt Wangensteen Gjerde

Foto: Jan Christian Jerving

Vi hadde ein liten snødett før jul, men sidan vi ikkje har fått frost så er både greenar og bana like mjuke fine. Med tele i jorda så får ballen nokre ekstra sprett når den landar men no er forholda heilt ypparlege.

I romjula blei det til og med arrangert julegolf med 20 deltakarar. Sundag var det litt vind, men 10 pluss grader så gjorde ikkje det noko for golfspelarane.

Sjølv om det ikkje er uvanleg at dei kan spele golf store deler av vinteren i Lærdal kan ikkje Wangensten Gjerde hugse sist dei kunne spele på ei telefri bane på den tid av året.

– No gjeld det å nytte seg av dei fine forholda, det einaste eg skulle ynskje no var at vi og fekk med nokre yngre spelarar. Vi som går det der no er vel heller godt vaksne.