Hopp til innhold

Familien takkar redningsmennene for at Janne (18) no er på beina att

Janne Holen (18) var med bilen som hamna på fjorden ved ferjekaia på Hella. I 15 minuttar var ho fanga i bilen i det iskalde vatnet. No takkar familien redningsmennene.

Janne Holen

PÅ BEINA ATT ETTER ULYKKA: Janne Holen (18) er på beina att etter at bilen ho sat i køyrde på fjorden.

Foto: privat

– Foreldra ber meg inn til vidare takke alle for den enorme støtta dei har fått, dei er overvelda over alle som bryr seg, seier Rune Målsnes på vegner av familien til Janne.

Klokka 17.13 fredag ettermiddag fekk politiet meldinga. Ein bil hadde køyrt utfor ferjekaia på Hella i Leikanger kommune. To gutar kom seg ut av bilen og opp på land. Igjen i vatnet var Janne. Jenta frå Vik låg i vatnet i rundt 15 min, skriv bt.no.

Redda av kompisgjeng

På ferja hadde bilen med kompisgjengen til Bjarte Breilid akkurat køyrt om bord som siste bil. Dei høyrde eit dunk og skjønte straks at noko hadde skjedd då dei såg ferjemannskapet springe til. Kameratane sprang til for å hjelpe og kasta ned livbøyer og redningsbøyar i vatnet.

– Vi fann oss ein stige, og så gjekk Gaute Stadheim ned og såg ned i vatnet. Der fekk han auge på ein person som hadde komme seg ut av bilen, men ikkje opp til overflata. Det verka som om ho hengde fast, fortel Breilid.

– Foreldra er og oppteken av og få takka kvar og ein av dei som var med under sjølve ulykka, noko dei og vil komme tilbake til seinare. Som dei seier sjølv; dette er ikkje anna ein eit stort under, seier Målsnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein personbil hamna i fjorden på ferjekaia på Hella fredag ettermiddag.

SJÅ VIDEO: Ein bil hamna i fjorden ved Helle ferjekai fredag ettermiddag.

Spesiell takk til redningsheltane

Janne vart sendt med ambulansehelikopter først til Førde sentralsjukehus og sidan flytta til Haukeland Universitetssjukehus med kritiske skader.

Laurdag skreiv Rune Målsnes, som er ven av familien til Janne, på Facebook at foreldra hadde hatt kontakt med dottera og det såg ut til å gå bra.

– Ho er veldig svak, men viser framgang. Dei takkar for alle gode tankar etter ulykka inntrefte. Ei spesiell takk til alle redningsheltane, skriv han i statusen sin.

Søndag kom ein ny oppløftande status frå Målsnes med meir godt nytt.

– Janne Holen har no stått på føtene, ho har til og med pussa tennene sine sjølv.