Hopp til innhold

Jan Markus slapp med skrekken

Mykje nysnø i vest gjev stor fare for naturleg utløyste skred. Ein brøytesjåfør i Oldedalen fekk sleppe med skrekken.

Eit stort snøskred rasar ned fjellsida i Oldedalen

Eit stort snøskred rasar ned fjellsida i Oldedalen

– Eg køyrde omtrent rett under. Det går berre to-tre sekund før eg har passert til denne fonn-vinden kryssar vegen, seier Jan Markus Kvamme

Kvamme var ute og brøyta med traktor langs vegen då skredet kom rett ovanfor han. Sjølv var han ikkje klar over det før han såg ein video av dramatikken i fjellet.

– Eg var i grunnen rett under skredet. Eg såg ikkje at det kom før eg fekk film av det. Så eg vart litt sjokkert av at det var så nært som det var.

Nære på: Pila syner kor brøytetraktoren var når raset kom.

Flaks: Pila syner kor traktoren var då skredet kom.

Foto: Janne Helen Gjerde / Privat

– Når eg ser det i ettertid ser eg at eg kanskje var litt for nærme til at det er heilt godt, legg han til.

Vitne på andre sida av vatnet

Det var Fjordingen som fyrst omtalte skreda i Oldedalen i Nordfjord.

Videoen fekk han tilsendt av Janne Helen Gjerde. Ho såg tilfeldigvis ut vindauget då det fyrste skredet kom nedover fjellsida og fekk filma det heile.

– Det verste med raset var at eg såg brøyteplogen for inn under akkurat når det losna.

Ho fortel at det hadde snødd godt heile ettermiddagen og at det hadde gått fleire skred i fjellsidene. Men vanlegvis er dei ikkje så store som dette.

– Når ein sit på avstand og ser på er det jo fasinerande, men når ein veit at det går langs vegen ein må ferdast på er det ikkje noko kjekt.

Skredet byr på problem for Gjerde og familien som no er isolerte på grunn av stengd veg. I Oldedalen kjem dei seg ikkje på jobb eller skule.

– No har ikkje vi hatt veg sidan måndags kvelden, legg ho til.

Skred fleire stadar på vestlandet

All nysnøven som har kome siste dagane har gjort at det er ustabile forhold i fjellet og har medført stor fare for naturleg utløyste skred ifølge Tommy Skårholen i snøskredvarslinga.

– Største skredfaren har vi hatt i fleire regionar på Nordvestlandet og i indre Fjordane som har hatt mest nedbør. Også i tilgrensande regionar som indre Sogn og Jotunheimen har vi fått mykje nysnø og mykje vind som har gitt betydeleg skredfare, seier Skårholen.

Mjølfonn Snøskred Luster Jostedalen Krundalen

Fleire stadar: Også i Luster gjekk det eit stort skred nyleg.

Foto: Eli Bjørhusdal

– Busetnad og vegar er som regel mest utsett når skredfaren er på sitt største, da er det størst fare for naturleg utløyste skred. Faren for det vil minke når skredfaren minskar og været roar seg.

For den som skulle bli freista til å ta skia fatt vil Skårholen oppmode om å ha is i magen og vente til den nye snøen har stabilisert seg.

– Det finst veldig mange turar du kan gå der du ikkje går ut i skredterreng, det vil seie terreng brattare enn 30 grader og utløpsområde for skred. Og heller la den nye ferske fokksnøven få tid til å stabilisere seg, seier Skårholen.

Brøytesjåføren tek det heile med fatning.

– Du får jo ein liten støkk i deg, men eg bur no på ein plass kor det går mykje skred.

– Sånn er det berre, ein er no av og til nærme, seier Kvamme.