Hopp til innhold

Jaktar E.coli-kjelde i Eid

Stårheim barnehage er nærast utelukka som smittekjelde etter at ein to år gamal gutt vart smitta av E.coli-bakterien.

På jakt etter E.coli

Illustrasjon

Foto: NRK

Guten ligg på Haukeland Universitetssykehus og tilstanden var onsdag kveld framleis kritisk.

Sjekkar 30 born

Mattilsynet og smittevernet leitar no etter smittekjelda. At smittekjelda skal vere barnehagen guten går i, er omlag utelukka. Dette fordi symptoma viste seg før han byrja i barnehagen att etter juleferien. Men tiltak er sett i gang for å undersøke om fleire er smitta. Mellom anna dei 30 borna som guten går i barnehage saman med.

- Vi vil ta prøvar av alle born som er i barnehagen. Samstundes vil vi ta avføringsprøvar av dei som har vore nærmast rundt pasienten, seier smittevernlege Einar Sandven.

Ingen grunn til uro

E.coli er ein vanleg bakterie, men smitte er alvorleg. Den sjeldne sjukdomen kan smitte gjennom matvarer og dyr, og mellom menneske. I følgje Sandven er det ingen alvorleg smittefare.

Sjølv om ein ikkje kjenner smittekjelda, har ikkje seniorrådgjevar Line Vold ved Folkehelseinstituttet, opplysningar som gjer at det er grunn til uro for E.coli-smitte i lokalsamfunnet på Eid.

Førehandsreglar

Sandven oppmodar alle til å følgje visse førehandsreglar for å unngå E.coli-smitte.

- Det er enkel og god handvask etter at ein har vore i kontakt med anten dyr, matvarer eller si eiga avføring. Når det gjeld matvegar, så er det generelle rådet at ein berre skal ete godt steikt mat og vere forsiktig med upasteuriserte meieriprodukt. Vanleg hygiene på kjøkkenet at ein sjølvsagt vaskar dei knivar og utstyr ein har brukt og skikkeleg reingjering av skjerefjøl, seier han.