Hopp til innhold

Her jaktar dei på verdas dyraste fisk

Like utanfor vår eiga stovedør, finst ein sjeldan fisk som omset for millionar av kroner. No er det igjen lov å fiske på makrellstørjen utanfor Vestlandskysten – nesten tretti år etter sist gang den blei fiska i norske farvatn.

På 60 talet var fisket etter makrellstørje, eller blåfinna tunfisk, på toppen i Noreg. Sidan har arten vore nær utrydda og forsvann frå våre farvatn. Den sjeldne fisken har blitt omsett for fleire millionar kroner.
No har arten styrka seg så mykje at den igjen svømmer utanfor norskekysten.

– Det er så spennande at eg ikkje torer å ta blikket frå sjøen!

Jostein Hillersøy stirar med skjerpa blikk ut over havoverflata. Han speidar etter ein sjeldan fangst.

I februar varsla Havforskingsinstituttet at fiskarar igjen skulle få leggje ut på leit etter makrellstørje. Det var godt nytt for fiskarane som dei siste 30 åra ikkje har kunne drive kommersiell fiske på makrellstørjen. Tore Jan Hillersøy har venta lenge på å få oppleve dette att.

– Det er utruleg spennande. Viss du hadde fått oppleve å vere med på eit kast med størje, så hadde du forstått kvifor me har lyst til å prøve det att.

LES OGSÅ: Verdens dyreste fisk er tilbake i Norge

– Størjefiske får du ikkje ut av blodet

Fisketur tunfisk

STØRJEFISKE: Båten Hillersøy held heile veka fram jakta på makrellstørjen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

På 60 talet var fisket etter makrellstørje, eller blåfinna tunfisk, på toppen i Noreg. Sidan har arten vore nær utrydda og forsvann frå våre farvatn. Den sjeldne fisken kan vege over 500 kilo og bli tre meter lang. Den kryssar Atlanterhavet på 50 dagar og kan halde ein toppfart på 70 kilometer i timen.

No har arten styrka seg så mykje at den igjen svømmer utanfor norskekysten.

LES OGSÅ: Norge skal fiske verdens mest verdifulle tunfisk for første gang på 30 år

Sjølv om norske fiskarar ikkje har fått fiske etter den verdifulle fisken på fleire tiår har norske fiskarar tidlegare fiska svært mykje makrellstørje. Det er ei tid Tore Jan Hillersøy hugsar godt.

– Størjefiske er slikt ein aldri får ut av blodet att. Når me hadde vore med på det, så trur eg det var mange som tenkte «tenk om me kunne få vere med på dette igjen».

Ute i båten Hillersøy håpar dei to fiskarane å få auge på makrellstørja. Dessverre enda denne fisketuren utan fangst. Men dei to entusiastane held heile veka fram jakta på den verdifulle fangsten.

Denne makrellstørja ble tatt i 1971, da det var et stort fiske på den store rovfisken.

1971: Denne makrellstørja blei tatt i 1971, då det blei drive storfiske utanfor kysten av Noreg.

Foto: Havforskningsinstituttet