Hopp til innhold

Jakta snøskutarkøyrarar med helikopter: – Berre flaks at det ikkje trefte jentungen

Ulovleg snøskuterkøyring skapar hovudbry for Statens naturoppsyn, som i helga forsøkte å stogge tre førarar utanfor Sogndal. Eit vitne reagerer på det ho meiner er drastiske verkemiddel.

Helikopter i Øvstedalen i Sogndal

HELIKOPTERET: Her er helikopteret på veg vekk frå område. Spora i biletet er frå snøskuterane, fortel Unn Sjøthun Uglane.

Foto: Privat

– Plutseleg kjem det eit helikopter og sirklar over her. Så kom det tre snøskuterar køyrande. Det var på høgde med selet som vi sat i, og det er ganske lågt, seier Unn Sjøthun Uglane.

Laurdag sat ho og mannen utanfor selet i Øvstedalen og kosa seg i finvêret, då idyllen brått blei avbroten. Saman med ei venninne og dottera blei dei vitne til det Uglane skildrar som ei skummel oppleving.

– Vi prøvde å få vekk helikopteret, for det flaug jo så nærme oss. Vi blei skikkeleg redde. Bøtter, leiker og snøslott flaksa jo. Det var berre flaks at det ikkje trefte jentungen. Det var ei skikkeleg ekkel oppleving for oss, seier Uglane.

Ho fortel at helikopteret sirkla over skuterane og jaga dei rundt og rundt.

Stor respons

Unn Sjøthun Uglane, Jannicke Øvretun

REAGERER: Unn Sjøthun Uglane reagerer på SNO si framferd.Her med Jannicke Øvretun og dottera Elena som ho var saman med på stølen.

Foto: PRIVAT

Ho blei så provosert over det som skjedde at ho fortalde historia på Facebook. Søndag ettermiddag har det blitt delt fleire hundre gongar og samla mange kommentarar. Mange støttar ho, medan nokre er kritiske til skuterkøyringa. Uglane seier ho var spent på reaksjonane.

– Mange er sjokka og støttar meg 100 prosent, seier ho.

– Blei de skremde?

– Ja, vi blei veldig, veldig skremde.

– Alvorleg hending

Morten Kjørstad, direktør i Statens naturoppsyn, kjenner ikkje detaljane rundt den spesifikke hendinga. Han bekreftar at dei var i området i høve uttak av jerv, då mannskapet i helikopter fekk auge på følgjet på snøskuter.

– Hovudregelen er at motorferdsel i utmark er forbode, så når me kjem over slike tilfelle, er det jobben vår å undersøke om aktiviteten er lovleg eller ikkje.

Kjørstad forklarar at dei er nøydde til å fly så lågt at førarane kan sjå kven helikopteret er, og at dei då ventar at snøskutermotorane blir slått av.

– I dette tilfellet stogga dei ikkje, men stakk av. Det er ei alvorleg hending, seier han.

Han fortel at dei i vår har fått mange tips frå publikum som meiner å vere vitne til ulovleg snøskuterkøyring, og som ønskjer å få slutt på nettopp det. Likevel har han forståing for at det kan skape reaksjonar.

– Eg kan på generelt grunnlag forstå at det kan verke dramatisk om ein er i fjellet og det kjem eit helikopter i stilla, men det er vanleg praksis frå vår side. Hadde dei stogga, hadde me landa, for me er nøydd til å sjekke om dei har papira i orden, seier Kjørstad.

Fryktar det skal skje ulykker

Øvstedalen i Sogndal

ØVSTEDALEN: Hytta til Unn Sjøthun Uglane ligg i dette området.

Foto: Unn Sjøthun Uglane

Sjølv har ikkje Uglane opplevd slikt som dette tidlegare, men seier ho kjenner til at andre har hatt liknande opplevingar.

– Eg er skremt over at dei flyg så tett inntil hyttene og tykkjer det er forferdeleg om det skulle skje ei ulukke.

– Men om desse har køyrt ulovleg, forstår du ikkje at SNO vil stoppe denne type køyring?

– Eg veit at det er ulovleg. Det handlar ikkje om det, og det skriv eg også. Eg veit at snøskuterkøyring er ulovleg, sjølv om eg ikkje forstår kvifor, fortel Uglane.

I SOGNDAL: Øvstedalen ligg i Sogndal kommune.