Tenk deg å leite etter noko i eitt år. Du leitar og leitar, men finn ikkje det du ser etter.
Men så! Der!
Slik var det for gjengen som skal lage ein tru kopi av Urnesportalen, eller inngangen til Urnes stavkyrkje. Kyrkja er den eldste stavkyrkja i landet, og står på Unesco si verdsarvliste.
Men dei vitale måla til treet var strenge, og leitinga har drege ut i tid. Meir enn eitt år.
Treet måtte vere éin meter i diameter, og kvistfritt opp til 10 meters høgde.
Då er det ikkje mange kandidatar å ta av.
DRONNINGA: Fortidsminneforeningen var i ferd med å gje opp då dei fekk tips om eit tre på Fresvikåsen i Sogn.
Foto: Oddgeir Sæle / NRK«Dronninga på Fresvikåsen»
Kai Johansen i Fortidsminneforeningen, som har jakta på treet, har difor gått bredt ut. Og tips om store tre har kome inn frå Trøndelag, Møre og Romsdal og andre stadar.
Men ingen av dei var heilt riktige.
Kai Johansen, som er treskjærar, var difor i ferd med å gje opp då han fekk tips om eit tre på Fresvikåsen i Sogn.
Tidlegare sto det tre digre tre her, men to av dei blei felt for hundre år sidan for å bli seglskutemaster.
Men eitt tre sto att: «Dronninga på Fresvikåsen». Kanskje ho var stor nok?
Ja, det var ho!
DETALJERT: Slik ser delar av Urnesportalen som skal attskapast ut.
Foto: Ragnar Utne / fortidsminneforeningen.noDet viste seg å vere rett
Men det var ikkje gjeve at Fortidsminneforeningen fekk felle treet.
Olav J. Bøtun, som er grunneigar, har nemleg vore glad i «Dronninga» heilt sidan han var liten gut.
– Det er litt vemodig, seier han.
Trøysta er at dronninga ender sine dagar som «noko verdig».
– Det er mange som har spurt om dei kan kjøpe treet, men eg har sagt nei gong på gong, for eg ville det skulle gå til noko spesielt, seier Bøtun.
Redda av ein anonym gjevar
For å attskape Urnesportalen skal Fortidsminneforeningen bruke same reiskapar og teknikkar som blei brukt på den originale portalen frå 1000-talet: kile, øks og treskjærarjern.
Resultatet skal stå klart på same tid som det nye besøkssenteret, som er planlagd ferdig i 2024.
NRK har tidlegare fortald at verdsarvsenteret vart redda av ein anonym gjevar som var så «frustrert og opprørt» over den manglande finansieringa at ho la 1,1 millionar kroner på bordet.
Nyleg kunne Fortidsminneforeningen juble over 124 arkitektbidrag i konkurransen om å designe det nye besøkssenteret.