Hopp til innhold

Israel slepper fri norske Gaza-aktivistar

Israel slepper fri fem norske aktivistar etter tre dagar i arrest. Samtidig blir Israel skulda for å ha nytta elektrosjokkvåpen under bordinga av den norske skuta.

Fiskebåten Kårstein

TIL GAZA: Målet med toktet var å bryta blokaden til den palestinske enklaven lengst aust i Middelhavet.

Foto: Annika Sander

I ei tidlegare utgåve av denne artikkelen blei ambassaderåd Dan Poraz sitert på at israelske marinesoldatar nytta elektrosjokkvåpen under bordinga. Det riktige er at Poraz opplyser at han korkje kan stadfesta eller avkrefta at marinesoldatane brukte elektrosjokkvåpen.

Søndag blei skøyta Kårstein, som seglar under namnet «Al Awda» («Tilbakekomsten»), stansa av den israelske marinen i internasjonalt farvatn 53 nautiske mil frå Gazastripa. Kårstein hadde medisinsk utstyr og aktivistar frå fleire land om bord.

Blant dei var Mikkel Grüner, bystyremedlem for SV i Bergen. Tysdag kveld opplyser hans sambuar, Sara Bell, at aktivistane blei møtt med våpen av det israelske mannskapet.

– Han blei skoten med ein elektrosjokkpistol under bordinga av skipet. Eg veit eigentleg ingenting om hans helsetilstand utover at han ikkje har trong for akutt helsehjelp, seier Bell til NRK.

Onsdag føremiddag stadfestar den israelske ambassaden at dei fem norske blir slepte fri.

– Maskerte og væpna soldatar

Organisasjonen Ship to Gaza publiserte tysdag ettermiddag ei pressemelding der dei hevdar at mannskapet som borda skipet var væpna og maskerte.

Leiar Torstein Dahle seier informasjonen er basert på tilbakemeldingar frå vitne om bord.

– Det me har fått opplyst er at marinesoldatar med kvite kjeledressar og kvite masker over andletet tok seg om bord i «Kårstein». Det blei ikkje ytt aktiv motstand, men det blei ytt passiv motstand frå mannskap og deltakarar om bord, fortel Dahle.

Det vil seia at fleire mellom anna stod arm i arm og nekta å følga ordra frå israelarane. Det var i samband med dette at det blei brukt elektrosjokkvåpen mot fleire av aktivistane og mannskapet, ifølge Dahle.

– Det blei brukt såkalla «tasers» i stor skala. I tillegg fekk fleire slag mot hovudet. Både mannskap og deltakarar blei utsette for særleg brutal vald.

Dei same oppplysingane blir attgivne i det newzealandske fagforeningsbladet Union. Ein israelsk statsborgar, som var om bord i Kårstein, seier at fleire om bord blei utsette for elektrostøt.

Mikkel Grüner, SV.

FENGSLA: SV-politikar Mikkel Grüner har sidan sundag vore fengsla i Israel.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ambassaden: – Blir slept fri i løpet av dagen

Ambassaderåd Dan Poraz ved den israelske ambassaden i Noreg kan overfor NRK korkje stadfesta eller avkrefta overfor NRK at det blei nytta elektrosjokkvåpen under bordinga søndag.

– Den israelske marinen var nøydd til å bruka så mykje makt som vi meinte var naudsynt for å gjennomføra oppdraget. Det var å få båten til hamn.

Ambasseråden vil på oppmoding frå NRK forsøka å finna ut om det faktisk blei brukt elektrosjokkvåpen.

Den israelske ambassaden i Noreg har omtala båten og aktivistane sine handlingar som ein «politisk provokasjon».

Utenriksdepartementet stadfesta måndag at dei gir fem nordmenn bistand etter at fiskebåten Kårstein blei teken i arrest på veg til Gaza. Dei fem blei i lag med 17 andre fengsla i byen Ramla. Danske styresmakter assisterer Grüner, som altså er busett i Bergen. I tillegg sit to svenske aktivistar fengsla, ifølgje Dahle.

– Aktivistane blir lauslatne i løpet av dagen. Etter det eg har fått opplyst, vil det skje i løpet av få timar, seier ambassaderåden til NRK like før klokka 10.

Aktivistane vil bli deporterte frå Israel.

Stadfestar ikkje våpenbruk

Poraz opplyser at den israelske marinen kontakta aktivistane over radio og bad dei sløkke motoren.

– Då dei var i ferd med å bryta ei anerkjend og lovleg marin blokade, blei dei bedne om å stansa. Det nekta dei å gjera, og følgeleg blei båten borda av israelske marinesoldatar, seier Poraz.

Israel grunngir blokaden i internasjonalt farvatn med trongen for å hindra leveransar av våpen og materielt utstyr til Gaza. Ifølge israelske styresmakter er den maritime blokaden lovleg etter internasjonale lov.

Blokaden er omstridd, og har fleire gongar blitt kritisert av FN. Etter at ni aktivistar blei drepne i 2010, slo ein FN-rapport fast at sjøblokaden var lovleg, men at israelske styresmakter si handtering var «overdreven og urimelig».

Ambassaderåden kjenner ikkje til kor mange soldatar som gjekk om bord. Han understrekar at bruken av vald var moderat, og hevdar at ingen av aktivistane trong medisinsk oppfølging etterpå.

– Det er viktig å understreka at bruken av makt var ein konsekvens av at aktivistane sette seg imot den israelske marinen sine ordre.

Fleire NRK har vore i kontakt med tilbakeviser at aktivistane ikkje trong medisinsk tilsyn etter bordinga.

KÅRSTEIN

Kårstein fotografert før avreise frå Bergen.

Foto: SHIP TO GAZA NORWAY

Utanriksdepartementet ventar på svar

Utanriksdepartementet har så langt ikkje fått stadfesta at dei norske aktivistane blir lauslatne i dag.

– Me har bede dei klargjera hendingsgangen, og ikkje minst kva grunnlag dei meiner dei har for å gripa inn ovanfor fartøyet. Det har me førebels ikkje fått noko svar på frå israelske styresmakter, opplyser kommunikasjonssjef Frode Overland Andersen til NRK.

Utgangspunktet for toktet var eit forsøk på å bryta den israelske blokaden av den palestinske enklaven lengst aust i Middelhavet. Båten skulle vera ei gåve til palestinske fiskarar.

Israel har også tidlegare stoppa utanlandske skip som har forsøkt å ta seg inn til Gaza. Sommaren 2010 blei ni personar drepne av israelske soldatar då skipet «Mavi Marmara» forsøkte å bryta blokaden.