Hopp til innhold

Isprodusentane merker den kalde sommaren, men her sel dei is som aldri før

FEIOS (NRK): Medan salet går trått for dei store iskremprodusentane, har den økologiske iskremfabrikken på Alm gard nesten dobla omsetnaden frå i fjor.

Hektiske dagar på Alm Gard

HEKTISK: Det er hektiske dagar på Alm gard. Iskremprodusenten har auka omsetnaden med 60 prosent for mai og juni månad, samanlikna med i fjor.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg kan ikkje tenke meg å lage mat med kunstgjødsel, gift og is med fargestoff. Det er jo berre naturleg å lage mat med naturlege ingrediensar, seier Laurien Geerse frå Alm gard.

Frå Nederland til Feios

På Alm gard i Feios er det travle dagar. Til trass for låge temperaturar i sommar gjer iskremprodusenten det svært godt. Samanlikna med mai og juni i fjor har dei auka omsetnaden med over 60 prosent.

– Eg er faktisk glad for at det er ein dårleg sommar, for elles hadde me ikkje hatt kapasitet til å tilfredsstille etterspurnaden på marknaden, seier Geerse.

Laurien Geerse og bornebornet Simon i bakgrunnen

IS FRÅ BOTN: Trass i at vaniljestenger er noko av det dyraste du får på marknaden, er det ikkje snakk om å byte til pulver-løysingar for Laurien Geerse. Her med Bornebornet Simon i bakgrunn.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Saman med ektemannen Guus Morell, flytta ho til Feios for om lag 15 år sidan, for å følgje draumen om å drive småbruk.

– Me leita lengje men det var ikkje mogleg å få det til i Nederland. Men så såg me at I Vik var dei på jakt etter folk frå Nederland og Belgia som ville komme til Noreg. Då bestemte me oss for å flytte hit, seier ho.

Alm Gard

ALM GARD: Det var hit familien flytte då dei kom frå Nederland i 2004.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Medvind i ny trend

Då familien kom til Noreg i 2004 var planen klar. Dei ville produsere økologisk iskrem frå botn av, utan tilsette stoff. Med eigne kyr og høns på plass, tok dei fatt på det som skulle vise seg å verte ein aldri så liten suksesshistorie.

– Me hadde nok litt flaks og. I 2005 byrja bondens marknad og folk vart meir og meir interessert i heimelaga produkt, fortel ho.

Iskrem rett på boks

RETT PÅ BOKS: Den økologiske iskremen vert tappa for hand rett på boks.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sidan den gong har iskrembedrifta gått sin sigersgang. I fjor vart garden tildelt Økoprisen Vest 2018, og under Bergen Matfestival vant dei same år prisen for beste produkt for deira brunost – is. Sjølv Dronning Sonja har sendt sine helsingar, etter å ha smakt isen deira.

Salgsdirektør John Kjellesvik, Hennig-Olsen Is Salgsdirektør John Kjellesvik, Hennig-Olsen Is Salgsdirektør John Kjellesvik, Hennig-Olsen Is

ETTERSPØRSEL: John Kjellesvik i Hennig Olsen seier det er stor etterspørsel på marknaden etter organiske og veganske produkt.

Foto: Kjell Inge Søreide

Salsdirektør John Kjellesvik i Hennig Olsen er ikkje overraska over at slike type produkt gjer det godt då han seier det er stor etterspørsel etter spesial-is på marknaden.

– Det er nok ein trend med tida no, og det slår også ut i iskremkategorien, seier han.

Han legg til at det som forventa har vore ei nedgang i is-sal som følgje av den kalde sommaren, samanlikna med i fjor.

Lærar italienarar om organisk is

I fjor vart Alm gard nøydd til å byggje ein ny produksjonssal. Etterspurnaden var så stor at det ikkje var mogleg å lage all iskremen i kjellaren under huset lengre.

– Det hadde ikkje gått no, fortel Geerse.

Laurien Geerse utanfor fabrikken

NY FABRIKK: Alm Gard har fått ein flunkande ny fabrikk, som følgje av den store etterspørselen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Blant dei tilsetje er to italienarar, som har komme til garden i Feios for å lære meir om korleis det økologiske småbruket får produserer isen.

– Det er ein oppleving å sjå korleis det lagar iskrem. Dei brukar berre naturlege og organiske ingrediensar, og me kunne ikkje sjå for oss korleis den vart laga. Det er faktisk ganske sjeldan å finne organisk iskrem i Italia, så dette er heilt unikt, seier Fabio Turconi.

Lærarmeistrar frå Italia
Foto: Ola Weel Skram / NRK