Hopp til innhold

3000 har meldt seg til å rydde strender – berre 40 får plass

Medan strandryddeaksjonar blir avlyste over heile landet, held profesjonelle ryddeteam det gåande langs kysten. – Vi har eit mål om å klare 1000 tonn søppel i år, seier prosjektleiaren.

Strandrydding in the same boat

STORE MENGDER: Strandryddeteamet i Bergen fylte opp mange posar med bos då dei rydda i områda utanfor Øygarden.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / Foreningen In the same boat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Organisasjonen «In the same boat» har spesialisert seg på rydding i strandsona og består av personar som har fått profesjonell opplæring i strandrydding og tryggleik til sjøs.

Prosjektet er ein del av dugnaden «Levende hav» og er eit samarbeid mellom «In the same boat» og Norges Miljøvernforbund. I løpet av våren vil opptil fem team vere stasjonerte på ulike plassar langs heile kysten.

NRK har tidlegare fortalt om foreininga som reiser ut til aude øyer i Nord-Noreg til område som er fulle av maritimt søppel.

Etter ein vinter med mykje vêr og kraftig vind, ligg det no tett med søppel langs strendene. Men på grunn av koronakrisa har årets strandryddeaksjonar blitt utsett eller avlyst dei fleste plassar.

– I fjor rydda vi 220 tonn. Målet i år er at vi skal klara 1000 tonn, seier Rolf-Ørjan Høgset. Han leier foreininga som no går inn i sin fjerde sesong.

Naturleg karantene

Førre veke låg det mellom anna eitt team til kai på katamaranen MS «Miljødronningen» i Bergen, og eit anna team var stasjonert ved eit fuglereservat på øya Lånan på Helgelandskysten.

Før dei frivillige går om bord i arbeidsbåtane, har dei allereie vore i ein 14 dagars heimekarantene for å unngå sjukdomsutbrot.

Etter at mannskapa har mønstra på, lever dei i full isolasjon i opptil fleire månadar om gongen.

– Vi er med andre ord i ein «naturleg karantene», som gjer at vi i praksis ikkje er råka av koronasituasjonen, seier Høgset.

Strandrydding In the same boat Bergen/Øygarden

FYLLER OPP: Det tok ikkje lang tid før avfallsposane var fulle.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / Foreningen In the same boat

3000 på venteliste

Etter at dei strenge koronatiltaka førte til stenging av skular og universitet, har foreininga fått svært mange søknadar frå både norske og utanlandske studentar som ønskjer å bruke den ledig tida på strandrydding.

Men i løpet av våren er det berre opptil 40 personar som får plass samtidig på eitt av dei fem strandryddelaga. Nålauge er trongt, med andre ord.

– Akkurat no har vi over 3000 som står på venteliste, seier prosjektleiaren.

Streanrdyddeteam In the same boat på Helgelandskysten

I HAVGAPET: Eitt team held ryddinga i gang i påsken ved øya Lånan på Helgelandskysten.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / Foreningen In the same boat

Ber alle rydde litt

Leiar i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie, er glad for å høyre at så mange studentar ønskjer å bidra til å gjere strendene reine.

– Eg tenkjer det er veldig bra at det er dette dei vil bruke tida på. Vi oppfordrar i tillegg alle til å rydde litt på eiga hand. Om alle ryddar litt der dei bur, så treng ein ikkje å vere avhengig av strandryddeaksjonar, seier Woie.

Therese Hugstmyr Woie, leder Natur og ungdom

VIKTIG: Therese Hugstmyr Woie i Natur og ungdom seier strandryddinga er eit viktig bidrag for lokalmiljøa.

Foto: Natur og ungdom

Woie legg til at det kan vere vanskeleg å måle den direkte effekten av strandrydding på grunn av det store omfanget. Ho er likevel klar på at det har ein stor verdi i lokalmiljøet.

– Særleg er dette viktig for dei lokale fuglebestandane. Men når det gjeld til dømes plast i havet, så er det nok ikkje strandrydding som vil løyse det, seier Woie.