Hopp til innhold

Må frakta maten inn med båt til isolert og straumlaus dal

Enorme snøskred har isolert og teke straumen frå om lag 15 personar sidan starten av veka.

Røde Kors kjem med mat til innbyggjarane i Bødalen i Stryn

MAT TIL HELGA: Siv Solberg og Johnny Rustøen i Røde Kors fraktar mat til dei som er isolerte i Bødal i Stryn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I dag måtte Røde Kors trø til for å skaffa matvarer til dei som er i bygda Bødal i Lodalen i Stryn. Om lag 15 personar, fastbuande og hyttefolk, kjem seg ikkje ut etter vegen.

– No kan me utvida matforrådet litt. Så håpar me at straumen kjem etter kvart også, så blir ting litt meir på stell, seier Anne Sølvi Sande, som er ein av dei som er innestengd.

Måndag kveld vart vegen til bygda stengd på grunn av rasfare. Tysdag kom det to store ras, som både stengde vegen fysisk og knekte høgspentstolpar slik at bygda no er utan både vegsamband og straum.

Varmar vatn på gamlemåten

Både Olden Røde Kors og Stryn Røde Kors har bidrege med forsyningar og hjelp til dei som er innesperra. Stryn Energi har frakta inn aggregat med helikopter, slik at dei har fått straum til det viktigaste.

– Me improviserer. Me fyrer i omnen og varmar vatn der. Med aggregatet har me fått straum på frysarane og lada telefonane. Det er kjedeleg når det skjer slikt, men det går, seier Sande.

Anne Sølvi Sande i Bødal i Stryn (i midten). Siv Solberg og Johnny Rustøen på sidene.

Anne Sølvi Sande i Bødal i Stryn (i midten). Siv Solberg og Johnny Rustøen på sidene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tidlegast søndag

Statens vegvesen skal gjera ei vurdering søndag om dei kan opna vegen eller ikkje. Raset er 100 meter breitt og i snitt tre meter høgt, så det vil ta tid å rydda. I tillegg er det usikkert når dei kan starta, fordi det framleis er rasfare.

– Me hadde tenkt å starte rydding av Raudifonna i dag, men det er for dårleg sikt. Me ser lite eller ingenting oppover i fjellsida, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

– Det er meldt betre vêr søndag, så me kan vurdere å starte opp då.