Hopp til innhold

Islamistar har hacka Facebook-kontoen til kona til Frp-politikar

Ei hackargruppe som kallar seg «Anonymous islamic» har tatt over kontrollen på blant anna Facebook-kontoen til kona til Frank Willy Djuvik.

Frank Willy Djuvik

HACKA: Anonymous islamic (innfelt oppe til venstre) har i fleire dagar tatt kontroll over kontoen til kona til Frp-politikar Frank Willy Djuvik.

Foto: HANS-OLAV LANDSVERK / NRK/Skjermdump

– Dei har stengt oss ute frå kontoen og no prøvar dei å få tilgang til andre appar og kontoar som ho har lagra, seier Frank Willy Djuvik, som er gruppeleiar for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Fredag kveld delte han på si Facebook-side at hackargruppa «Anonymous islamic» hadde tatt over kontrollen på kona sin Facebook-profil.

– Vi har klart å få tilgangen tilbake eit par gangar, men etter nokre minutt har dei tatt kontrollen igjen, seier han.

I skrivande stund er kontoen heilt vekke frå Facebook.

Vil øydelegga Israel

På sine Facebook-sider skriv «Anonymous islamic» at dei er Muhammed sin hær og at målet er å øydelegga Israel.

– Dette er profesjonelle folk og eg syns det er rart at dei går til angrep på vanlege privatpersonar. Dei har klart å få tilgang til SMSar på telefonen hennar, der ho har fått tilsendt sikkerheitskodar og dei har endra e-postadressa der ein får tilsendt nytt passord slik at den går rett til dei, seier Djuvik.

– Trur du det kan ha samanheng med at du er Frp-politikar?

– Det har eg ikkje reflektert noko over, men eg trur ikkje eg er eit mål for hackarar. Det er nok eit heilt tilfeldig val, seier han.

Fekk trugsmål

Då kontoen vart overtatt av hackargruppa la søstera til kona hans ut på Facebook at ho hadde blitt hacka.

– Då fekk ho direkte trugsmål om at dei ville ta hennar konto neste gang, seier Djuvik.

På ein nettstad som har nær to milliardar brukarar er det ikkje berre å ringa inn og få hjelp umiddelbart.

– Vi har sendt dei informasjon og fylt ut skjema, så håpar vi å få kontoen att, seier Djuvik.

Han har ei oppfordring å kome med.

– Sørg for å ha gode passord og bruk forskjellige passord. Får dei tak i eitt passord får dei gjerne tilgang til alt ein har, legg han til.