Hopp til innhold

Iselin hadde ein stor svulst: – Eg visste det var noko meir enn fødselsplager

I fleire månader hadde Iselin (27) kraftige blødingar og smerter, men fekk mellom anna høyre at det skuldast plager etter fødselen.

Iselin Oldeide med dottera Hedvig

Iselin Oldeide slo seg ikkje til ro med at ho hadde «fødselsplager». Til slutt fann legane ein stor svulst.

Foto: Privat

Det har gått litt over to år sidan Iselin Oldeide fekk vesle Hedvik.

Ho er framleis sjuk, og veit ikkje når ho kjem tilbake i jobb.

Heime i Måløy i Vestland er kontakten mellom mor og dotter varm og nær, latteren er aldri langt unna.

Men samstundes er det tungt for Iselin å tenke på tida etter fødselen – ho har mist så mykje av den første delen av livet til Hedvik.

– Det var ikkje sånn starten på mamma-livet skulle bli, seier ho stille.

Iselin og Hedvig ser i kamera

For Iselin har det vore sårt å vere sjuk stor sett heile livet til Hedvig, som er to år.

Foto: Privat

Den smertefulle tida

Problema starta då ho hadde ein særs krevjande fødsel for litt over to år sidan.

Hedvik måtte takast ut ved hjelp av hastekeisarsnitt. Iselin miste 2,5 liter blod og hadde ekstreme smerter i dagane etterpå, mellom anna på grunn av eit blod-hematom som var infisert.

I alt låg ho 15 dagar på sjukehus.

Ho venta at smertene etter kvart ville gje seg, men det vart berre verre – gjennom våren, sommaren og utover hausten og vinteren.

Iselin, som sjølv er sjukepleiar, byrja å stille spørsmål.

– Skal fødselsplagene vare så lenge, utan at du merkar noko framgang?

Ho vart møtt av ulike legar ved legekontoret i Måløy, i alt åtte, der ho igjen og igjen skildra dei ulike symptoma ho sleit med.

Det handla mellom anna om store vaginale blødingar, høg CRP (som kan vere teikn på underliggande sjukdom), låg verdi av hemoglobin, høg puls og tung pust.

Ho spurte etter kvart om å få teke ein ultralyd.

Ifølge Iselin var svara avventande, der ho mellom anna fekk forklart at det truleg var fødselsplager, komplikasjonar etter fødsel og blødingar etter bruk av spiral.

Men ho følte sjølv det var noko meir alvorleg.

Ho klarte ikkje følge opp barnet sitt slik ho ville. I periodar sleit ho med å gå opp trappa i huset. Andre dagar måtte ho legge seg klokka sju om kvelden, heilt utkøyrd.

Iselin Oldeide i sjukehusseng

Etter fødselen har Iselin hatt fleire periodar der ho har vore totalt utmatta.

Foto: Privat

Vendepunktet

Det toppa seg i april 2022, over eit år etter fødselen, då ein lege tilfeldigvis såg ho på venterommet på legekontoret. Ho såg kor sjuk og bleik Iselin såg ut, og at ho var heilt «på felgen».

Ho vart dermed sendt til ultralyd og CT-undersøking, og fekk stadfesta ein sju centimeter lang svulst ved bekkenområdet – ein svulst som vart oppdaga i nærleiken av livmor, eggstokkar og blære.

Ho vart tilvist til vidare behandling gjennom kreftpakkeforløpet.

– Det høyrest heilt feil å seie det, men eg vart glad. Eg fekk endeleg svar på kvifor eg var så dårleg. Eg tenkte at no kan eg kanskje få hjelp.

Ho hadde Inflammatorisk myofibroblastisk svulst (IMT), ein sjeldan og som oftast godarta svulst. IMT kan derimot invadere nærliggande vev og i enkelte tilfelle spreie seg til andre organ.

Ultralydbilete av Iselin

Svulsten ved bekkenet var sju centimeter lang.

Foto: Privat

Seinare på sommaren, for å få fortgang på operasjonen, skriv ein av legane om Iselin i tilvisinga:

«Heilt sidan dotter vart fødd for 16 månader siden har ho hatt uavklarte symptom og smerter, men ikkje blitt trudd på dette.»

Legen skriv at det er «rystande» å sjå ein så sjuk pasient, som også har gått ned 34 kilo.

«Nattesveitte, kvalme og oppkast, total utmatting. Har ingen krefter, ligg for det meste heile dagen. Psykisk helt nedbroten.»

Sårbar periode

Ståle Onsgård Sagabråten er fastlege, leiar av Legeforeningens fagstyre og sit i Kvinnehelseutvalget.

Han uttaler seg ikkje om den konkrete saka, men seier på generelt grunnlag at tida etter fødsel er ei sårbar periode for kvinner, både psykisk og fysisk.

Difor er det obligatorisk at lege eller jordmor utfører ein etterkontroll omtrent seks veker etter fødsel, eller når kvinna er ferdig med den såkalla reinselsen etter fødsel.

– Når folk vender tilbake med spørsmål på nytt, må ein stille spørsmål ved om ein oversåg noko i første konsultasjon, seier Sagabråten.

– Særleg om dei kjem tilbake ein tredje gong skal ein vere på vakt, då er det sjanse for at noko har gloppe i konsultasjonen, legg han til.

Ståle Onsgård Sagabråten i Legeforeningen.

Helsetenesta bør vere merksam dersom kvinner etter fødsel, fleire gongar, kjem tilbake med same spørsmål, seier leiar av Legeforeningens fagstyre, Ståle Onsgård Sagabråten.

Foto: Privat

Det er viktig at kvinner tek kontakt med helsevesenet om dei opplever at noko er gale. Helsepersonell må følge opp dersom noko verkar unormalt og ta det på alvor, seier Sagabråten.

– Det skal vere låg terskel for å vise vidare dersom det er avvik, seier han.

Vegen tilbake

Iselin gjennomførte ein krevjande operasjon i august i fjor, der ho fekk fjerna svulsten – men også måtte fjerne delar av tynntarmen, lymfeknutar og mykje av bindevevet.

Ho slit med tunge etterverknader, seinskadar, og er framleis arbeidsufør.

Dersom ho anstrenger seg for mykje, må ho kaste opp.

Det kan likevel ikkje samanliknast med tida før operasjonen, og alt ho har gått glipp av.

– Du må seie nei til alt du ser fram til i ein permisjon. Barseltreff, trening, trilleturar, småting du rett og slett ikkje klarer lenger. Det har vore veldig tøft.

Iselin Oldeide med resten av familien

Sambuar Håvard Loen Myklebust har vore – og er – ei god støtte for Iselin.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ho har kopla på pasient- og brukarombodet i Vestland, som har sendt ein klage til Kinn kommune om mangelfull oppfølging ved legekontoret i Måløy.

Kommunen svarar at dei ikkje kan «gå inn på den einskilde lege sine vurderingar», men tek likevel delvis sjølvkritikk:

«Det har vore ein samanfall av situasjonar som gjer at du over denne perioden har blitt møtt av ulike legar, der det hadde vore tenleg for deg med meir stabil dekning på legekontoret».

Kommunen skriv at det blir gjort ein «gjennomgang av din sak» ved kontoret for ta «lærdom av hendingar som skjer».

Til NRK skriv kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård at han meiner helsehjelpa frå Måløy legekontor totalt sett har vore forsvarleg, mellom anna basert på informasjon som ligg føre i journalen til Iselin.

Dette er medisinskfaglege vurderingar gjort med den informasjonen og observasjonsgrunnlag som var tilgjengeleg under konsultasjonen.

Pasientombod Ingrid Aanderud Sælen ser slik på det:

– Det er uklart kvifor denne pasienten ikkje har fått meir hjelp, men vi ser enkelte eksempel på at kvinner ikkje blir teke tilstrekkeleg på alvor når dei kjem til legen med plager og symptom.

Ingrid Aanderud Sælen, pasient- og brukarombod i Vestland

Pasient- og brukarombod i Vestland, Ingrid Aanderud Sælen, saknar ei betre forklaring frå Kinn kommune.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ho viser til rapporten frå Kvinnehelseutvalet tidlegare i vinter, der ein av konklusjonane var at kvinnehelse har låg status.

Sælen saknar større grad av audmjukskap

Tenestene forsvarar ofte kvifor dei gjorde som dei gjorde i staden for å bruke tid på å undrast over kvifor dei ikkje gjorde det dei burde gjere.

Ho reagerer også på at kommunen ikkje vil gå inn i vurderingane til den enkelte lege.

– Det kan dermed vere vanskeleg for pasientar å vite kor dei skal sende klage og kven som har ansvar for å svare.

No er saka sendt vidare til Statsforvaltaren for tilsynsmessig vurdering, som skal finne ut om Iselin fekk forsvarleg helsehjelp.

Iselin Oldeide heime i Måløy

Iselin veit ikkje når ho kan byrje å jobbe igjen som sjukepleiar, men håpar ho vil merke framgang gjennom sommaren.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK