Hopp til innhold

Mange bønder opplever avlingssvikt

Isbrann og sein vår fører til avlingssvikt og store problem for mange bønder.

Angedalen

ISBRANN: Trass høge temperaturar dei siste dagane har bøndene store vanskar med bøar som ikkje vil gro.

Foto: Ronny Grimeland / NRK

Det flotte veret dei siste dagane har ført til at lauv, blomar og ugras har vakse kraftig fram dei siste dagane. Men på mange grasbøar er situasjonen ein heilt annan.

Etter den lange vinteren har poblema dukka opp att i form av isbrann, som igjen fører til at graset på bøane veks dårleg.

– Store problem

I verste fall kjem ikkje avlinga i det heile teke. Isbrann oppstår når det utviklar seg Co2 i torva og plantene døyr.

– Vi har fått meldingar frå fleire stader i fylket om at dette fører til store problem for mange bønder, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.

Mykje ekstraarbeid

Han er uroa over situasjonen på vegner av medlemene som vil vere heilt avhengige av å møtte plante opp att store areal for i det heile å få avling denne sesongen.

– Særleg i bredalane ser dette ut til å vere ubreidd no. Lite snø i lengre periodar har gjort bøane ekstra utsett for isbrann. Dette fører til svært mykje ekstraarbeid og kostnader for bøndene, seier Hilleren.

– Alvorleg

Alt i slutten av mars gjekk forskar ved Bioforsk, Samson Øpstad, ut og åtvara mot at det kunne bli isbrann-trøbbel for mange av bøndene.

– No byrjar det å bli alvorleg, sa Øpstad til Firda då, og slik det ser ut på mange bøar, så er det vel liten tvil om at forskaren har fått rett.

Kostar dyrt

Mange av gardbrukarane må no bruke mykje pengar på å kjøpe inn såfrø som må setjast på dei øydelagte bøane.

– Berre no før pinse måtte eg ut med mange tusen kroner for frø, seier ein bonde NRK har vore i kontakt med.

– I verste fall kan ein risikere å få frømangel også, seier Hilleren i bondelaget.