Isaya (14) og Galla (16) brukar haustferien på å ikkje bli ein «dropout»

Gutar toppar statistikken over dei som ikkje fullfører skulegangen. Isaya og 30 andre gutar brukar haustferien på å bli betre rusta for å takle vidaregåande skule.

To gutar på Guttas Campus

BETRE SAMAN: På Guttas Campus samlar dei ulike gutar som bur, jobbar og trener saman for å bli betre på skulen.

Foto: Andrea A. Krüger

Det er ikkje alle som synest det er like enkelt å jobbe med skulearbeid.

Gutar toppar statistikken over dei som ikkje fullfører vidaregåande her i Noreg. Det vil mentorordninga «Guttas Campus» gjere noko med.

– Eg vil komme inn på teknologi og industrifag, seier Teodor Swan (14).

Teodor Swan

GODT MED HJELP: Når reknestakkane blir litt utfordrande, er det godt med ein hjelpande hand.

Foto: Andrea A. Krüger

For å klare det, treng han eit godt karaktersnitt.

Etter å ha deltatt på Guttas Campus i Samnanger, kan den draumen vere godt innanfor rekkevidd.

– Her får eg den hjelpa eg treng.

Han er ein av 33 tiandeklassegutar som brukar haustferien på læringscamp, for å bli enda betre rusta for å komme inn på vidaregåande skule.

Og ikkje minst fullføre skulegangen.

Vanlegvis prøver eg ikkje så hardt på skulen.

Teodor Swan

For sjølv om fleire fullfører vidaregåande, er det gutane som oftast droppar ut.

I 2020 var det 25 prosent av gutane i Noreg som ikkje fullførte skulegangen.

Nicholas Endresen Haukeland

VIL TIL HOLLYWOOD: Nicholas sin store draum er å bli filmregissør. No jobbar han hardt for å komme inn på medielinjen på vidaregåande.

Skriving på guttas campus

KONSENTRERT GJENG: I skrivetimane er argumenterande tekstar om fotballspillare og dataspel i skulen populære tema.

Lunsj på guttas campus

MATPAUSE: Det er viktig med matpausar for å halde konsentrasjonen gjennom campen oppe.

Stafett på guttas Campus

SPORTY: Gutane har mykje leik og trening innimellom slaga.

Ikkje faga som er viktigast

Gutane og dei vaksne bur saman heile døgnet i to heile veker. Dagane har tette program, med mykje skule, trening, leik og matpausar.

Skulefaga består av lesing, skriving og rekning. Timane og oppgåvene er tilpassa gutane sine nivå og interesser.

Isaya Isingoma

HØGTLESING: I lesetimane får gutane velje om dei vil lese høgt for kvarandre, eller stille for seg sjølv. Dei får også velje bok sjølv.

Foto: Andrea A. Krüger

– Men vi jobbar like mykje med dei ulike karaktertrekka, fortel Omar Mekki, dagleg leiar i Guttas Campus.

Karaktertrekka gutane får drilla seg i, er til dømes viljestyrke, takknemlegheit og engasjement.

– Når gutane reiser herifrå, seier fleire at det er karaktertrekka dei lærte mest av. For då lærer dei korleis dei held ut i matematikken, og korleis dei skal ha trua på seg sjølv, seier Mekki.

Guttas Campus har arrangert leirar i Oslo sidan 2018, og i Vestland sidan 2020. Frå dei som var med på campen i Oslo i 2019, gjekk 44 av 45 på vidaregåande skule.

– Eg har blitt mykje betre

Sjølv om det berre har gått tre dagar inn i campen når NRK besøker gutane, merker fleire allereie stor framgang.

– Eg har allereie blitt mykje betre, seier ein begeistra Teodor.

Basket på guttas campus

LUFTEPAUSE: Det er ikkje berre på skulearbeid Teodor blir betre under Guttas Campus. Det er lagt inn mange pausar til å terpe på ballferdigheitene sine.

Foto: Andrea A. Krüger

Ein annan som har fått stort utbytte av campen, er Nicholas Endresen Haukeland (15).

– Det eg kjem til å hugse best er det vi har lært om viljestyrke.

Men det er ikkje berre enkelt å samle 30 ungdomsskuleelevar på ein leir kor dei skal jobbe med skule i to veker.

Mekki fortel at ein god del av gutane er skeptiske når dei kjem fyrste dagen.

– Mange kjem inn med hetta godt trekt over hovudet. Men etter kvart så blir hetta trekt opp, dei opnar seg opp og klemmane sit laust.

lesing på guttas campus

GODE VENAR: Klemmane sitt laust etter eit opphald på Guttas Campus.

Foto: Andrea A. Krüger

For Teodor har Guttas Campus gitt betre lese-, skrive- og rekneferdigheiter.

Viktigast av alt har det gitt han trua på seg sjølv, og motivasjon til å prøve å komme inn på draumelinja på vidaregåande skule.

– Mor mi visste alltid at eg var veldig flink. Ho seier heile tida at om eg verkeleg prøver, så får eg det til!