Inviterte til folkemøte trass i aukande smittetal i kommunen

NAUSTDAL (NRK): Trass kraftig auke i smittetal, valde Sunnfjord kommune i kveld å invitere til folkemøte om nedlegging av grendeskular. – Heilt innanfor, meiner politikarane.

Folkemøt ei koronatida

FOLKEMØTE: Mange møtte opp for å diskutere skulestruktur i Sunnfjord måndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På ei veka har 14 personar testa positivt på covid-19 i Sunnfjord kommune. Det er førebels uvisst kvar to av dei er smitta.

Sjølv om dette framleis er relativt låge tal, er det langt meir enn kva som har vore vanleg i denne delen av landet.

I kveld valde kommunen likevel å ikkje avlyse folkemøtet i Naustdal i Sunnfjord. Der var temaet nedlegging av grendeskular og ikkje smitten.

– Dette møtet blir arrangert i tråd med dei råda vi har fått av smittevernlegen. Så vi trur det skal vere gjort på ein god og trygg måte, seier varaordførar i Sunnfjord, Jenny Følling.

Samstundes har kommunen blant anna bede alle som var på det lokale klatresenteret onsdag og torsdag i førre veke om å teste seg.

I dag var det lange køar ved teststasjonen ved Førde sentralsjukehus.

Auka til nivå 2

– Det fungerer slik at vi er veldig avhengige av dei råda vi får frå kommuneoverlegen. No er vi på beredskapsnivå 2 av 5 og det er ikkje behov for tiltak utover det som er sagt, seier ordførar Olve Grotle.

Medan store deler av det sentrale Austlandet er nedstengt etter smitteutbrotet i Follo, går livet meir eller mindre sin vante gang i andre deler av landet.

Difor har det vekt stor merksemd lokalt at så mange som 14 har fått påvist smitte i Sunnfjord dei siste dagane.

– Eg trur det er viktig at vi er medvitne på at smitten er her. Vi har fått oss ei oppvakning, seier ordførar Olve Grotle.

Kø ved testestasjonen i Førde

MANGE TESTAR SEG: Slik såg det ut ved testestasjonen ved Førde sentralsjukehus i ettermiddag. Mange stod i kø for å teste seg for covid-19.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Klart varsel

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord meiner dei har kontroll på store deler av smitteutbrotet i kommunen. Men hos to av dei smitta er smittevegen førebels ukjent.

– Største utfordring er når vi ikkje veit kvar smitte kjem frå. Fram til no har vi hatt god kontroll, og det er litt nytt at vi ikkje veit, seier Furnes.

Han seier dei veit kven desse personane har hatt kontakt med etterpå, og desse er sett i karatane. Rundt 75 personar er i karantene i Sunnfjord no.

– Situasjonen er det som er kvardagen mange stader i landet. og no kjem det nærare på oss. Det er eit klart varsel om at vi ikkje lever åtskilt får resten av verda.

Øystein Furnes

UKJENT SMITTEVEG: Kommuneoverlege Øystein Furnes seier dei ikkje veit kor alle smitten kjem frå.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Ber folk teste seg

Sunnfjord kommune ventar svar frå FHI på om innsende prøvar i førre veke har det muterte viruset frå Storbritannia. Furnes veit ikkje når dei får svar på dette.

– Vi har eit smittetal på 70 på 100.000. Det er ikkje skremmande høgt, men betydeleg høgare enn det vi har hatt før.

No oppmodar han sjølv dei med lette symptom om å teste seg. Han trur det blir ny testrekord i Sunnfjord i dag.

– Vi har god testkapasitet. Ha låg terskel og er du i tvil, test deg, er oppmodinga hans.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.02.2021
1 983
Smittede/uke
95
Innlagte
622
Døde
318 722
Vaksinerte