Det er Sogn Avis som fortel denne historien i dag. Kinserdal takka ja til inivitasjonen om å møte opp i Årdal kyrkje, og trudde sjølvsagt at minnegudstenesta der omfatta alle som hadde døydd det siste året.
Men namnet til kona vart aldri lese opp. Det viste seg at han i staden skulle vore på Farnes kyrkje. Også fleire andre frå Øvre Årdal hadde blitt invitert til, og var til stades i, Årdal kyrkje.
Sokneprest Stein Arne Larsson seier til Sogn Avis at han er lei for det som har skjedd. Han forsikrar om at det ikkje skal skje på nytt.