Cilleborg-Jensen vart i si tid urettmessig sikta for rundt tjue valdtekter og vald mot ei kvinne frå Vågsøy. Han ser på invitasjonen som eit første steg på vegen mot at samfunnet tek ansvar for det han var utsett for.
I 1994 vart Jens Cilleborg-Jensen arrestert, sikta for ei rad med valdtekter mot ei jente. Etter ei tid viste det seg at det heile var oppspinn og siktinga vart trekt. Kvinna som melde han, vart sist haust dømd til fengsel i ni månader for falske skuldingar, og til å betala han 100 000 kroner i erstatning.
Men Cilleborg-Jensen fekk eit psykisk samanbrot som han aldri har kome over. Han har sett fram krav om erstatning på til saman 3,6 millionar kroner frå Staten og frå åtte namngjevne personar innan politiet.
Men det viktigaste for Jens Cilleborg-Jensen er å få nokon i systemet til å seie at dei tek ansvar for det han har vore utsett for - og difor er det viktig for han å bli invitert til Justisdepartementet - og helst få møta justisminister Hanne Harlem sjølv