Hopp til innhold

Investerte åtte millionar i meir fleksibel kvardag

HEGGJABYGDA (NRK): – Det er den største avgjerda eg har tatt. Det er mykje pengar som skal betalast, men det gjorde valet mykje lettare at eg har ein gut som vil overta, seier mjølkebonde Ola Frislid i Eid.

Alfred Bjørlo, Kristina Frislid og Ola Frislid

NYTT FJØS: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid stod for den høgtidlege opninga av den nye fjøsen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Fredag opna han lausdriftsfjøset som dei siste månadane har vore under oppbygging i Heggjabygda.

For åtte millionar kroner har dyra både «ungdomsavdeling» og «vaksenavdeling».

– Det er veldig god plass i høve til det som var tidlegare, smiler han.

Krav om lausdrift i 2034

Med ombygginga av det gamle fjøset, og det nye tilbygget som mellom anna har robotar til å fôre og mjølke, har bonden i Heggjabygda allereie møtt kravet om lausdrift som kjem i 2034.

Frislid er ikkje den første i Sogn og Fjordane. Og ei heller den siste.

Fylkesleiar Anders Felde i bondelaget, seier at kring 550 fjøsar framleis er båsfjøsar. Knappe 180 er lausdrift.

Likevel kjem nær halvparten av mjølkeproduksjonen frå lausdriftsfjøsar.

– Det blir nok ein motbakke for mange smågardar å få det til innan krava, men eg trur vi skal klare det. Det står først og fremst på økonomi, seier Felde.

Håvard Frislid, Kristina Frislid, Ola Frislid, Åse Huse og Markus Frislid

LUKKELEGE BØNDER: Håvard Frislid, Kristina Frislid, Ola Frislid, Åse Huse og Markus Frislid.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ser meir til familien

Den sjansen tok Frislid. Og han angrar ikkje. Dyra er rolegare og verkar for å vere både blide og nøgde når mjølkebonden kjem inn. Dei verkar for å trivast. Det gjer også bonden.

– Det er som natt og dag. Det er mykje meir fleksibilitet. Eg kan gå i fjøset på ettermiddagen, slepper stellet på kvelden og kan sove lenge ein morgon om eg ynskjer det. Det er det nokre år sidan sist, seier Frislid.

– Kva får det å seie for familielivet at du har det meir fleksibelt?

– Det har alt å bety. Du ser meir til familien rett og slett. Før måtte eg i fjøset på kvelden, og var gjerne vekke halvannan til to timar. No er eg ferdig tidlegare på dag, og vi har mykje meir tid saman.

Opna ny fjøs i Heggjabygda

FEIRING: Den nye fjøsen i Heggjabygda vart som seg hør og bør feira med kaffe og kaker.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ber politikarane hjelpe

Felde håpar spesielt smågardane får draghjelp frå politikarane til å gjere den same omstillinga som Frislid har gjort.

– Utan økonomi til å drive mindre, så treng du meir areal og meir mjølkekvote. Det er vanskeleg å få tak i, det er dyrt og det blir meir køyring. Vi ynskjer at fleire satsar basert på garden eller kanskje nabogarden sine ressursar og at ein då får til ei lønnsam satsting sjølv med 15-20 mjølkekyr. Vi har nokre som gjer det, men dei avheng av inntekt utanfor garden, seier han.

Felde er difor glad for at regjeringa i lanserte ei ny satsing i jordbruksoppgjeret med 2,4 millionar kroner i støtte for bønder som byggjer fjøs i tre. Det er 400.000 meir enn taket i år.

– Det er eit bra tiltak retta mot mindre gardsbruk, seier Felde.