Hopp til innhold

Stein Inge (28) gjorde intervju i 200 km/t - så svima han nesten av

 

Kor lett er det å stille spørsmål til ein av verdas fremste rallykøyrarar medan dei susar gjennom svingane i over 200 km/t? Biljournalist Stein Inge Stølen var tøff i trynet før han sette seg i passasjersetet – etterpå var det like før han svima av.

– Det er det råaste eg har vore med på, seier Stølen om opplevinga som truleg lenge vil vere den han hugsar best av det han har fått vere med på.

For sjølv om han har fått vere med å teste ut bilar med 700 hestekrefter, imponerte WRC-bilen med 300 hestekrefter meir enn Autofil-journalisten hadde trudd.

På førehand meinte Stølen at dette ikkje var noko spesielt. Men etter at kollegaene bokstavleg talt sette han på prøve, vel så har han endra oppfatning. Og ikkje berre litt, skal vi tru videoen som Autofil har lagt ut på sine heimesider.

Sjå video av det fartsfylte intervjuet øvst i saka

Visste han måtte jobbe med bil

Årdølingen Stein Inge Stølen (28) har alltid vore langt over snittet interessert i bil. Omtrent frå han kunne gå visste han meir om bil enn faren, og etter at han fekk lappen var han fast bestemt på at han måtte jobbe med bil. I fleire år har han jobba som bilfotograf, som taxisjåfør og pizzabod.

Etter to år med journalistutdanning på kveldskurs, i kombinasjon med taxikøyring, venta ei karriere som biljournalist i bladet Autofil.

Her har han mellom anna fått ansvar for nettsida, og i løpet av dei to åra han har på baken i bladet har han fått vere med på billanseringar og store messer over heile verda.

– Kan det vere så rått?

Og det var under ei messe i Paris at det som må kunne kallast hans autofile høgdepunkt fann stad. Kollegaene diskuterte kva deira autofile høgdepunkt var, og Lord Arnstein Landsem fortalte då at det råaste han hadde vore med på var å sitje på med ein ekte WRC-sjåfør i ein ekte WRC-bil.

– Kan det vere så rått, tenkte eg. Det er ei grense for kor masse hestekrefter det er, kor lette bilane er, og kombinasjonen av desse faktorane gjere at det ikkje kan gå så veldig fort – tenkte eg.

Så tøff i trynet var Stølen at kollegaene like godt bestemte seg for å sette han på ei prøve. Dei sette han i ein taxi ut til Citroën si testbane i Versailles. Der skulle han få prøve seg i ein WRC-bil, med ein vassekte WRC-sjåfør bak rattet. Det var ingen ringare enn Mikko Hirvonen, ein av dei beste rallysjåførane i verda.

– Ja ja, tenkte eg

Men kollegaene gav seg ikkje med det. I tillegg fekk Stølen i oppgåve å stille Hirvonen fem spørsmål undervegs. Null problem, følte årdølingen før start.

– Det første eg tenkte var at ja ja, klarer eg sitje på, skal eg greie prate også.

For kven har vel ikkje sett kartlesarane i rallybilane som både les, pratar og til og med skriv litt på blokka framfor seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein Inge Stølen er klar for ein tur med Mikko Hirvonen

KLAR: Stein Inge Stølen trudde det skulle bli lett å intervjue Mikko Hirvonen i 200 km/t. Det vart det altså ikkje.

Foto: Autofil

– Som å sjå ein ufo

Før det vart Stølen sin tur, var det fleire andre biljournalistar som fekk ein prøvetur i passasjersetet. Stølen vart ståande på sidelinja, og det han såg gjorde han litt skeptisk.

– Eg fekk sett på kor fort det gjekk når bilane gjekk frå startstreken. Det eg såg då var som å sjå ein ufo. Bilen pressa dei fysiske lovene til det maksimale, og det som såg ut til å vere langt over grensene til det som var mogleg, seier Stølen.

Men han sette seg i passasjersetet. Trygt festa med sekspunkts belte, hjelm og ein dyktig sjåfør låg alt til rette for ei fartsfylt oppleving utan om det vanlege. Men også ein prøvelese, skulle det vise seg.

Følte lufta bli pressa ut av han

– Først var det mykje risting og vibrasjonar, men så fann dekka festa, og då vart som å bli slått i magen.

– Det første som skjedde var at det kom ein slags guttural lyd, fordi all lufta vart pressa ut av lungene mine. Utan at eg eigentleg ville det. Det berre skjedde fordi trykket var så stort, fortel Stølen.

Før han visste ordet av det var bilen gjennom fire svingar. Med den vesle lappen med spørsmål krampaktig mellom fingrane klarar han til slutt å presse ut det første spørsmålet. Dei første spørsmåla nesten ropte han ut.

– Eg måtte rett og slett ta i så masse for å få lufta ut av lungene, forklarar Stølen.

Vart kvalmare og kvalmare

Medan den erfarne rallysjåføren svarar roleg og vanleg, må Stølen skjerpe seg litt for å snakke normalt mellom dei heftige svingane og at han sjølv kjem med nokre rare lydar.

– Dei to første spørsmåla gjekk unna utan at eg ensa kva han sa, men deretter byrja eg blir litt varm i trøya, seier han.

Etter kvart som ha blir varm i trøya blir det også litt småprat mellom dei to. Men samtidig som Stølen prøver å halde maska kjenner han at det begynner å bli ein smule dårleg i magen.

– Det var ein svingkombinasjon som ein fekk magasug i botnen av, og for kvar gong vi kom gjennom den vart eg berre kvalmare og kvalmare, seier Stølen.

– Eg vart også meir og meir redd, fordi for kvar gong tok han meir i. Den siste runden var eg sikker på at det skulle gå rett til skogs, men det gjekk bra.

Sikker på han skulle svime av

Men han klarte dei fem spørsmåla og fekk feire med ein liten piruett før Mikko Hirvonen stogga bilen. Då hadde mannen i passasjersetet problem med å stå på føtene. Sjølv var han overtydd om at han kom til å svime av eller spy, eller begge deler.

– Men ved hjelp av masse, masse vatn og heldigvis ikkje noko masse bilkøyring rett etterpå, så gjekk det. Men det var berre så vidt, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein Inge Stølen ikkje fullt så tøff i trynet etter turen med Mikko Hirvonen

KVALM: Stein Inge Stølen kjente seg både kvalm og ein smule redd mot slutten av bilturen med rallysjåfør Mikko Hirvonen.

Og ja – han tok feil

Og kva synest han om opplevinga? På førehand hadde han nekta for at dette kunne vere det råaste ein kunne vere med på.

– Det var langt råare enn noko anna eg har vore med på. Sjølv om det eigenleg ikkje skal gå an. Eg kan til dags dato ikkje forklare korleis dei får det til, korleis dei får ein bil til å køyre så fort gjennom svingar og akselerere så fort.

– No skjønner eg kva dei meinte med at dette var det råaste. Det er noko med desse bilane og korleis dei køyrer dei.

– Ei overmenneskeleg gåve

Og sjølv om han er nesten frelst etter opplevinga, vil han ikkje byte ut jobben som biljournalist med jobben som rallysjåfør.

– Dei som er gode i rally dei har ei eller anna overmenneskeleg gåve. Dei har noko som er nesten uforklarleg, seier han.

– Er det rallysjåfør du skal bli når du blir stor?

– Eg har blitt det eg hadde lyst til å bli, så eg har det heilt fint. Men eg kunne tenkt meg å bli med på ein tur til. No veit eg kva eg går til, ler han.