Hopp til innhold

Intensiverer kontrollane av turistbussar etter tunnelbrann

Statens vegvesen har no bestemt seg for å intensivere kontrollane av turistbussar, etter brannen i Gudvangatunnelen denne veka.

Thormod Gausdal

SKAL SJEKKE TURBUSSAR: Thormod Gausdal er seksjonsleiar køyretøy Indre Hordaland og Sogn og Fjordane,

Foto: Montasje / NRK

– Det vi alt har gjort er å sette i verk ekstra kontrollar på omkøyringsvegane etter at Gudvangatunnelen er stengd, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Gausdal og mannskapet hans kontrollerer kring 8000 køyretøy i året i området frå Odda til Eid, og dei får med seg dei fleste fjellovergangane.

Onsdag tok det til å brenne i ein turistbuss, med 32 kinsiske passasjerar i Gudvangatunnelen. Gausdal vil ikkje seie noko om brannårsaka til denne konkrete bussen, men seier dei er spesielt opptekne av diesel- og oljelekkasje frå køyretøya.

Fokus på turistbussar

No i turistsesongen har dei ekstra fokus på turistbussar.

– Vi vil no vere ekstra nøye med å kontrollere bremser, brannteknisk tilstand og dekk, og ikkje minst køyre- og kviletid.

– Og då særskilt turbussar?

– Ja, spesielt dei, men vi gløymer ikkje dei lokale rutene og ekspressbussane.

Mange kontrollar

På riksveg 7 over Hardangervidda er det etablert kontroll i nedstigninga mot Eidfjord. Tungbilar vert kontrollerte for varmgang i bremser og anna som kan vere ein tryggleiksrisiko på bratte fjellovergangar.

På E134 Haukelifjell er det etablert forsterka kontroll på Seljestad kontrollstasjon, og på rv. 13/55/5 om Vikafjellet og Sogndal kjem det òg til å bli utført kontrollar.

Medan Gudvangatunnelen er stengt , gjer vi ein stor innsats for å sikre at auka trafikk med tungbilar ikkje skal skape problem på fjellovergangane. Vi deler òg ut informasjonsmateriell om køyring på bratte fjellovergangar når vi møter sjåførane, seier Gausdal.

– Korleis er den tekniske standarden på bussane de kontrollerer?

– Det vi ser er at mange av dei utanlandske bussane er eldre enn dei norske. Det er mange bra bussar, men det er og mange som ikkje held den standarden vi er vane med i Norge.