Hopp til innhold

Skal ligge i fjellet døgnet rundt i jakta på jerven

24 timar i døgnet skal jegerar dei neste dagane ligge på vakt ved ein åteplass i fjellet i jakta på jerv. Med det håpar dei å snu ein svært dårleg statistikk.

Jerv

VANSKELEG JAKT: Jerven er sky, og held seg i høgt til fjells, langt frå folk. Heller ikkje i år har jegerane lukkast under den ordinære lisensjakta.

Foto: BBC

– Av erfaring veit vi at det er større og større sjanse for at jerven kjem, dess nærare 15. februar vi kjem, seier Arne Bjørk, rovviltkontakt i Jostedalen sankelag i Luster.

Bøndene i Indre Sogn har opp gjennom åra mist tusenvis av sauer til jerv som har vore på tokt sommarstid. Men å jakte jerv på vinteren har vist seg vanskeleg. Sidan 2000 er 70 jervar drepne i Region 1 på Vestlandet, berre åtte av dei er skotne under ordinær lisensjakt.

Årets jakt blir avslutta om halvanna veke. Heller ikkje den ser ut til å gje resultat.

– For vår del er dette som forventa, vedgår Bjørk.

Frykta rovdyr

Jerven er eit frykta rovdyr for beitenæringa i Sogn og Fjordane. 2014 vart ein marerittsesong for bøndene. Då vart det utbetalt over 3 millionar kroner i erstatning, hovudsakleg etter at jerv hadde forsynt seg av sau på beite.

Heldigvis har tapstala gått ned, og dei to siste åra er det gitt vel 500.000 kroner i erstatning for rovdyrskadar. Likevel er det også denne vinteren gitt løyve til å felle 8 jerv i regionen.

Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane må konstatere at jakta gir dårlege resultat.

– Viss det ikkje blir felt jerv, og det framleis er jerv i området, så vil det som oftast føre til tap på beite til sommaren, seier han.

– Vanskeleg jakt

Arne Bjørk

HELD SEG HØGT TIL FJELLS: Bjørk seier dei år etter år opplever at jerven ikkje er å sjå på den mørkaste tida av året, og at det først blir gjort observasjonar i mars og april, etter at jakta er over. Beitenæringa er innforstått med at jakta ikkje kan utvidast, då dei kan risikere å skyte tisper som har kvelpar.

Foto: Privat

Men jervejakta er vanskeleg. Jerven er sky, og held seg ofte høgt til fjells i område som er utilgjengeleg for folk.

Dei siste åra er det gjort fleire grep i håp om å lukkast betre med jakta. I tillegg til kursing av jegerar, er det gjennom eit prøveprosjekt opna for bruk av lys på åte, kameraovervaking av jervebåsar og bruk av snøskuter til utplassering og tilsyn.

– Eg føler vi har gjort ein del, men dette er ei vanskeleg jakt. Ein må gjerne ligge å vente i fleire dagar i nærleiken av eit åte, seier Mjelstad.

Dersom jakta blir avslutta utan resultat, endar det truleg også i år med at Statens naturoppsyn gjer såkalla ekstraordinære uttak.

– Alle vil at jerven skal takast ut gjennom ordinær jakt, men dette blir ei naudløysing vi må akseptere, seier Mjelstad.

Ligg på post siste veka

Arne Bjørk meiner beitenæringa gjer det dei kan for at lisensjakta skal lukkast.

– Vi legg til rette for jegerane med gode åteplassar og båsplassar, der vi veit at det ferdast jerv. Men det å få jegerar til å ligge 24 timar ute i utmarka, når det ikkje er jerv i område, det er ikkje lett.

Med knapt ei veke att av årets jakt har dei framleis ikkje gitt opp håpet. I Sogn ligg no jegerar på post døgnet rundt ved ein åteplass.

– Vi skuldar jegerane ei stor takk som vil stille opp for dette. Kanskje har vi flaks.