Innvandrarkvinner kan sikre tannhelsetenesta

Mangel på tannhelsesekretærar i Sogn og Fjordane har ført til at NAV og fylkeskommunen legg kreftene saman for å rekruttere innvandrarkvinner til yrket.

tannhelse

BEHOV I FYLKET: Sogn og Fjordane har behov for fleire tannhelsesekretærar som assisterer tannlegane før, under og etter møte med pasientar. Illustrasjonsfoto.

Foto: TARIQ ALISUBH / NRK

Clara Øberg

SAMARBEID: Clara Øberg, direktør for tannhelsetenesta i fylket, er nøgd med samarbeidet som er godt for både arbeidstakarane og fylket.

Foto: Kristjan Logason

– Vi er oppteken av god kvalitet, og ser at vi no har problem med å rekruttere nok tannhelsesekretærar for framtida, seier Clara Øberg som er fylkesdirektør for tannhelse i Sogn og Fjordane.

Mange av dei tilsette fylkeskommunen har i tannhelsetenesta har bikka 60 år. No er dei avhengig av fornying, men fylket har ikkje noko utdanningstilbod for tannhelsesekretærar. Inntil no.

Til hausten opnar eit studietilbod for tannhelsesekretærar på Firda vidaregåande på Sandane.

Retta mot vaksne vikarar og innvandrarkvinner

– Vi ser at det manglar kvalifiserte søkjarar når vi lyster ut stillingar. Dei som søkjer har ikkje fagbrev, forklarer Øberg.

Derfor ynskjer dei at ein tredjedel av elevane skal vere personar som allereie har eit arbeidsforhold i tannhelsetenesta, dei resterande arbeidssøkjarar frå NAV. Spesielt retta mot innvandrarkvinner.

– Det er spesielt kjekt at fylkeskommunen kan få kvalifisert arbeidskraft samtidig som desse kvinnene kan kome seg på arbeidsmarknaden. Vi er kjent med at dette er arbeid som er attraktivt blant fleire.

Fylkeskommunen og NAV splittar rekninga på ein million kroner, som tilbodet vil koste.

– Jobben vår er jo å skaffe arbeidskraft til dei som har behov for det og kvalifisere våre brukarar mot arbeid det er behov for i fylket. Det er også godt med utvida språkkompetanse på klinikkane, seier Olav Njøs som er rådgjevar i NAV Sogn og Fjordane.

Vil gjenta suksessen etter «Gloppen-modellen»

Opplæringa er lagt opp med to dagar undervisning og tre dagar praksis i veka. Opptaket er i mai, men allereie har dei 28 aktuelle kandidatar og ser for seg 12 til 14 personar til undervisning.

Gloppen kommune har tidlegare hatt suksess med opplæring for helsefagarbeidarar i ein liknande modell, no ynskjer dei å gjenta suksessen på eit anna område med behov for arbeidskraft.

– Vi ser at opplæring i kombinasjon med praksis og samarbeid med for eksempel næringslivet gir gode resultat i andre enden. Folk kjem seg i jobb, seier Njøs.