Hopp til innhold

Inntektene har svikta, styret er tvangsavsett og tala er blodraude

Måløyraidsenteret gjekk i dundrande underskot i fjor. Rekneskapane syner stor gjeld og altfor få besøkande. No skal nytt styre prøve å snu skuta.

Måløyraidsenteret

UNDERSKOT: Måløyraid-senteret strevar med å tene nok pengar.

Foto: Eva Westvik / NRK

Måløyraidsenteret gjekk i underskot med 826 323 kroner i 2018. Berre dei fire fyrste månadane i 2019 er underskotet 381 914 kroner. Det syner ferske tal frå senteret sin rekneskapsførar.

Førre veke vart det kjent at Lotteri- og stiftingstilsynet har konkludert med at heile det eksisterande styret, med unntak av éin person, må gå. Tilsynet meiner i si førebelse vurdering at økonomistyringa i senteret har vore mangelfull, skreiv Fjordenes Tidende.

Den attverande styremedlemmen har seinare trekt seg i solidaritet med dei andre, ifølgje avisa.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit opna senteret i fjor sommar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ferske tal syner økonomi i krise

Rett før helga avslo også formannskapet i Vågsøy ein søknad om avdragsutsetjing på lån. Dei vil vente på ein plan for vidare drift av stiftelsen Måløyraid-senteret.

Saksutgreiinga til politikarane syner ein økonomi som er beint fram elendig.

  • Gjelda er 5,5 millionar kroner i Sparebanken Sogn og Fjordane. Fyrste årlege avdrag på 300 000 kroner forfell om ei veke. Stiftinga ville søke om utsetjing på avdrag, men manglar Vågsøy kommune si godkjenning. Panten på lånet er det kommunale bygget «Heradsheim».
  • Måløyraid-senteret har i tillegg ei leverandørgjeld på 2.492.908 kroner.
  • Billettinntektene har svikta. Måløyraidsenteret har fram til 1. mai i år selt billettar for ca. 48 500 kroner, omtrent 180 000 bak budsjettet. Målet for 2019 er 760 000 kroner i billettinntekter. Billettpris for ein vaksen er 160 kroner.
  • Måløyraid-senteret har også budsjettert med tilskot på 600 000 kroner som ikkje er motteke.
  • I 2019 har senteret blitt drive på dugnad og har såleis ikkje utgifter til løn. Avskrivingar, renter på lån, straum, og utgifter til rekneskapsførar og advokat gjer at underskotet likevel så langt er på 381 914 kroner.
  • Måløyraidsenteret gjekk i underskot med 826 323 kroner i 2018.

Tidlegare styremedlem Lars Kjølen svarar på vegner av det avgåtte styret og den avsette styreleiaren Helge Hjelle. I ein e-post til NRK skriv Kjølen at dei kjem til å klage avgjerda til Stiftingstilsynet inn for Stiftingsklagenemda. Ut over det ynskjer han ikkje å kommentere spørsmål om det store underskotet noko nærare, og syner til den nye styreleiaren.

Ny styreleiar vil prøve å sikre framtida

Kommunen vurderer at stiftinga i praksis er insolvent. Formannskapet vil ikkje gi løyve til avdragsutsetjing no.

Kristin Maurstad

EIN TRIST SITUASJON:– Stiftingstilsynet har utnemnt to nye styremedlemmer etter innspel frå Vågsøy kommune, opplyser ordførar Kristin Maurstad (Ap), som meiner senteret er viktig for Måløy og at situasjonen er trist.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi sa nei i påvente av framlegging av noko betre, det er ikkje nødvendigvis eit nei inn i æva, påpeiker ordførar Kristin Maurstad (Ap).

To nye styremedlemmer er sett inn. Norvall Bakke er økonomisjef i Vågsøy, mens Olav Horn er tidlegare ordførar og rådmann. No leiar han oppvekst- og kulturutvalet i kommunen for Senterpartiet.

– Eg ser det er store utfordringar i drifta til stiftinga, men eg vurderer det slik at eg kan bidra positivt med å få til økonomien, seier Norvall Bakke.

Vil prøve å få fleire besøkande

Bakke seier at underskotet syner litt av utfordringa senteret har.

– Utover det kan eg ikkje kommentere så mykje. Ein må finne løysingar på både utgifts- og inntektssida.

Korleis kan ein få opp besøkstala?

– Førebels kan eg ikkje gi nokon gode svar på det. Det er noko som vi må jobbe med. Vi er nettopp kome inn i det. Dei som har jobba med senteret har gjort ein stor jobb med å skaffe besøkande, men det er framleis mykje å gjere, og truleg er det potensial for å auke det ytterlegare med gode samarbeidspartnarar, seier Bakke.

Tilskot har ikkje kome som planlagt, kva kan ein forvente framover?

– Det blir litt opp til den dialogen ein har med departementet og Musea i Sogn og Fjordane. Men eg reknar med at når ein kan vise at senteret har god styring med økonomien, vil ein kunne få tilskotet på 600 000 kroner seier Bakke.

– Kva skal ein gjere for å unngå konkurs?

– Steget no er å få oversikt og dialog over dei kreditorane som er. Så vil kanskje det nye styret søkje Vågsøy kommune om pengar. Eg trur senteret har ei framtid, og at ein skal greie å få ei drift der.

Bakke vil også gi ros til det føregåande styret.

– Det har vore gjort veldig mykje godt arbeid, og Måløyraid-senteret vil vere positivt for Vågsøysamfunnet. Det er blitt gjort ein stor jobb med å få tak i tilskot, seier Bakke.