Hopp til innhold

Lut lei problem med ny og miljøvenleg ferje – folk vil ha dieselferja fra 1975 tilbake

På kort tid har den miljøvennlege ferja som kom i 2020 hamna på «verstingliste» over problem og innstilte avgangar.

MF Bømlafjord i Langevåg.

IKKJE GOD NOK: MF Bømlafjord kom i drift i 2020. No vil mange ha tilbake ei dieselferje frå 1975.

Foto: Olav Røli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det har henda me har komme hit på ferjekaien og fått beskjed om at ferja er innstilt. Då må me køyra rundt. Det er klart at det går, men det er irriterande, seier Terje Sagebakken.

Han er busett rett sør for Haugesund i Rogaland. For å komma til arbeidsplassen sin på Langevåg i Bømlo kommune, litt lenger nord, er han avhengig av ferja.

Kvar dag tek han den frå som går frå Buavåg i Sveio og over til andre sida av fjorden.

Det er ikkje så lett lenger.

Terje Sagebakken, på ferja til Langevåg.

FLOTT BÅT: Terje Sagebakken understrekar at han likar den nye ferja, men at ho er for ofte innstilt.

Foto: Olav Røli / NRK

Med ferjeturen på 20 minutt er han på jobb i god tid før arbeidsdagen startar rundt klokka 8.

Hyppige innstillingar

Sidan starten av 2020 har dette ferjetilbodet nemleg ikkje vore til å stola på.

Då vart den nye og meir miljøvennlege M/F «Bømlafjord» med hybrid-drift sett inn for gamle M/F «Utstein» som gjekk på diesel.

Nye og meir miljøvennlege ferjer skal redusera klimagassutsleppa.

Reisande hadde sett fram til den nye ferja. No er dei lei alle problema.

MF Bømlafjord i Buavåg.

FOR MYKJE I RO: Ferja M/F «Bømlafjord» har vore for mykje til kai sidan ho kom i drift i 2020.

Foto: Olav Røli / NRK

Tekniske problem, vêr og sjukdom hos mannskapet gjer at Langevåg-Buavåg i åra 2020, 2021 og så langt i 2022, har hatt den dårlegaste regulariteten av alle samband i ferjefylket Vestland, syner tal frå Skyss.

Det betyr at det er ferja som oftast ikkje går når den skal.

Dette er raskaste veg mellom Haugesund og Langevåg.
Om ferja går mellom Langevåg og Buavåg.
Dette er omvegen når ferja er innstilt.

– Me hadde ikkje desse problema med den gamle ferja. Det var ein del tekniske problem på slutten, men dette vart løyst relativt raskt, seier Sagebakken, som understrekar at han likar både det låge støynivået og fasilitetane om bord.

– Men, for oss pendlarane er kontinuiteten viktig, seier han.

Vil ha gammal ferje tilbake

Og det er ikkje berre Sagebakken som er lite nøgd med dei nye ferjene.

Både politikarar og administrasjon i Bømlo kommune har no skrive brev til Vestland fylkeskommune og bede om tiltak. Dei går så langt som å ønskja seg tilbake til den gamle ferja «Utstein» som gjekk i sambandet fram til 2020.

M/F "Utstein" ved kai Harstad

I HARSTAD: Her ligg gamle Utstein, som gjekk over Bømlafjorden frå 2011 til 2020. Ferja er bygd i 1975, og går på diesel.

Foto: Børge Hoseth / NRK

Det var Bømlo-nytt som først omtalte brevet.

– Situasjonen er ille når du tek deg i å drøyma deg tilbake til ei gammal ferje frå 1975. Det rista i kaffikoppane over fjorden, men ferja gjekk i alle fall, seier Ragnfrid Sønstebø, varaordførar i Bømlo kommune i Vestland.

– Dette er rett og slett ikkje godt nok, seier Sønstabø.

Ragnfrid Sønstabø, driv butikk på Espevær. Varaordførar i Bømlo

IKKJE NØGD: Varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H) i Bømlo kommune er langt frå nøgd med ferjetilbodet. Ho driv butikk og er avhengig av gode ruter.

Foto: Olav Røli / NRK

Også Skyss er uroa over regulariteten. Så langt i 2022 har regulariteten forverra seg ytterlegare, samanlikna med 2020 og 2021.

– Me har nyleg bede Fjord1 om ein grundig gjennomgang for å finne årsakene til utviklinga og å få vite kva tiltak Fjord1 kan setje inn for å betre regulariteten framover, skriv pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss.

Reiarlag: – Forstår frustrasjonen

Operativ leiar i Fjord1, Dan Gunvald Nikø, seier han forstår frustrasjonen til folk.

Men både korona-sjukdom, tekniske utfordringar, og vêrtilhøve har gjort at det har vore mange innstillingar sidan ny ferje kom i drift.

– Først og fremst vil eg berre beklaga at me har hatt desse innstillingane. Det er på ingen måte ein ønskt situasjon for noko av oss, seier han.

Men han trur på betring i situasjonen framover.

– Regulariteten til sambandet vil eg tru vil auka framover. Me ser eit redusert smittetrykk. Dessutan er våren betre med tanke på vêrforhold og skodde, og me har god teknisk drift på fartøya no, seier han.

– Kva seier du til dei som ynskjer seg ei gammal ferje tilbake?

– Det vil overraska meg om ei gammal ferje skulle fungera betre i sambandet enn det me seglar med no. M/F «Bømlafjord» er bygd til sambandet og er godkjent av Skyss, seier Nikø.

Terje Sagebakken. Eidesvik

PÅ KONTORET: Terje Sagebakken jobbar i reiarlaget Eidesvik på Langevåg i Bømlo kommune. Han er avhengig av godt ferjetilbod for å komma seg til jobb.

Foto: Olav Røli / NRK