Innstiller fleire bussruter
Tide melder at dei frå og med måndag 16. mars innstiller Sognefjordekspressen, samt flybussane i Bergen, Haugesund og Bardufoss. Endringar i ruteproduksjonen kan skje på kort varsel, og Tide ber kundar om å halde seg oppdatert på aktuelle nettsider og sosiale medium.