Hopp til innhold

– Ho er kanskje ikkje den helten ein har lyst til å vere

Ho er sosialt klønete og hamnar ofte i kleine situasjonar, men hovudrolleinnehavar Kristine Ryssdalsnes Horvli er blitt glad i «Lovleg»-karakteren Gunnhild. No er sesong to på trappene.

Kristine Ryssdalsnes Horvli

SKUMMELT: – Det er utruleg lærerikt, men det er òg skummelt Og så er ein utruleg takknemleg for at ein i det heile teke får vere med, seier Kristine Ryssdalsnes Horvli som speler Gunnhild om å vere med i «Lovleg».

Foto: Privat

– Ho er litt annleis enn meg, håpar eg. Samtidig er det litt stygt å seie.

Kristine Ryssdalsnes Horvli (21) er blitt glad i karakteren «Gunnhild», som ho speler i NRK-nettserien «Lovleg». No er produksjonsselskapet i gang med å lage sesong 2.

– Ho er kanskje ikkje den helten ein har lyst til å vere, eller kanskje ikkje ein helt i det heile teke. Ho er vel eit gjennomsnittsmenneske som gjer feil ein kanskje ikkje har lyst til å stå for, eller ønskjer å gjere sjølv.

Viser det uperfekte

I den første sesongen blei vi kjende med Gunnhild og dei andre vidaregåande-elevane som lever hybellivet på Sandane. Det handlar om å prøve å passe inn, om angst, forelsking, einsemd, og om å ikkje få ting heilt til.

– Vi set ting litt på spissen, men vi vil vise eit uperfekt menneske med eit uperfekt liv, seier Horvli.

– Det er menneske som går på trynet og viser folk, og spesielt ungdom, at det er greitt å feile og feile igjen. Og at ting går bra fordi om, legg ho til.

Andre sosiale normer

Horvli kjem sjølv frå Sandane, der handlinga i serien går føre seg. Ho trur mange har sakna ein serie som viser livet i distrikta.

– Mange som bur i distrikta vil kjenne seg meir igjen ting som skjer, eller sosiale normer som er på bygda, enn i Oslo – for eksempel.

Abort, panikkangst og det å flytte til ein ny plass og kjenne seg aleine. Serien tek opp fleire vanskelege tema. Akkurat det meiner Horvli er viktig.

– Særleg det at ein fokuserer på ungdom frå distrikta, det å kome til ein ny plass og ein ny skule. Mange flyttar fleire timar heimanfrå i ein alder av 15 år. Det er ikkje gitt at ein nødvendigvis glir rett inn i dei sosiale normene i byrjinga, seier Horvli.

– Når du går på trynet på ein liten plass, vil «alle» få vite om det. Så vi set lys på ting som folk frå distrikta kanskje kjenner seg igjen i.

Speler inn sesong 2

Då manusforfattar Kjersti Wøien Håland i haust fekk høyre tilbakemeldingar frå unge som kjenner seg igjen i serien, gjorde det inntrykk.

– Det betyr alt for meg. Denne ungdomsgenerasjonen er eg verkeleg på lag med. Om serien kan nå nokon og få dei til å kjenne seg mindre åleine, eller berre gi dei eit rom der dei kan le i ein slitsam kvardag så er det alt eg kunne drøymt om, sa ho i eit intervju med NRK.

I november stadfesta P3 at det blir ein ny sesong av serien. Innspelinga av den nye sesongen starta opp før jul, og er i gang igjen over helga etter ein pause i juleferien. Men sjølv om innspelinga er i gang, er det lite Horvli kan røpe frå den nye sesongen.

– Men det kjem til å føregå på Sandane, seier ho.

– Og Gunnhild er med?

– Gunnhild er med, det er ho.