Hopp til innhold

Fangar strikkar til premature babyar: – Fantastisk at nokon set pris på det me gjer

ÅSANE (NRK): Kvinnelege innsette i Bergen fengsel brukar tida bak murane på å strikka og hekla til prematuravdelinga på Haukeland sjukehus. For ei av kvinnene er det ekstra sterkt.

Innsatte Laila i Bergen fengsel strikker til premature

PERSONLEG ERFARING: Laila var sjølv prematurbaby då ho vart fødd, og syns det er flott å kunne hjelpe til.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Eg var sjølv prematurbaby då eg var nyfødd. No ser ein kor mykje dei treng det, og kor fantastisk det er at nokon set pris på det me gjer, seier Laila medan ho strikkar ein sokk.

Laila er ein av dei innsette som har blitt smitta av strikke- og heklefeber. Ho låg sjølv på prematuravdelinga då ho vart fødd.

– Hadde aldri strikka før

Når me møter Laila på lågsikkerheitsavdelinga i Bergen fengsel, strikkar ho rett og vrang, og heklar teppe som om ho aldri hadde gjort anna.

Ifølgje ho sjølv hadde ho ikkje rørt ei heklenål før ho kom i fengsel.

No klarar ho ikkje å legge handarbeidet frå seg.

– Eg pleier å strikke litt før frukost, og under lunsj. Og etter jobb, og før eg legg meg, ramsar Laila opp.

Det er berre eit par månadar sidan ho ikkje var like stø på handa som det ho er no. Men ho meiner det er lett å læra.

– Eg gav litt opp i starten, men fekk til slutt teken på det. Viss eg kan klare det, så kan alle klare det, smiler Laila.

Nokon av produkta som har blitt laga i Bergen fengsel

SORTIMENT: Her er noko av det som har blitt laga i fengselet sidan i haust.

Foto: Lidvard Sandven / NRK Vestland

Stolte mottakarar

På Nyføddintensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus står det store mengder strikka og hekla klede. Avdelinga har 16 sengeplassar, og har til ei kvar tid sjuke nyfødde, og for tidleg fødde barn.

Leiinga set stor pris på engasjementet.

– Ungane opplever ein kvardag der miljøet rundt er veldig sterilt og kvitt. Det at dei får pledd og plagg som er mjukt og fargerikt gjer det meir personleg for dei som skal vera her ei stund, seier overlege Hallvard Reigstad.

– Me vert veldig stolte over alt me får inn. Både når me får det inn og når det vert levert ut til foreldre, legg Anne-Siri Fonneland til. Ho er einingsleiar på Nyføddintensiv, og svært glad for at så mange bidreg.

Anne-Siri Fonneland og Hallgeir Reigstad

TAKKSAME: Anne-Siri Fonneland og Hallvard Reigstad viser fram noko av ullprodukta dei har fått.

Foto: Lidvard Sandven / NRK Vestland

Fleire partar involvert

Alle som har strikka noko før veit at garn ikkje er gratis. Bergen fengsel har fått avtalar med mellom anna Bergen broderiservice, mange ull- og garnbutikkar og fleire privatpersonar som har gitt av sitt overskotslager.

Det er fengselet svært takksame for.

– Det viser at folk set pris på det me gjer, smiler Målfrid Kallekleiv.

Ho er inspektør ved Bergen fengsel, og meiner at prosjektet er svært viktig.

– Det er ein meiningsfull aktivitet. I tillegg er det viktig å laga ting saman og å meistra noko, seier Kallekleiv.

Ho seier at prosjektet har stor betydning for folk på begge sidene av fengselsmurane.

Det er Laila eit levande eksempel på. Ho er snart ei fri kvinne, og kjem til å halde fram med den nye hobbyen på utsida.