Hopp til innhold

Innrømte sal av farleg «barbiedop» til fleire hundre kundar over heile landet

I retten innrømte ambulansearbeidaren i 40-åra å ha seld sjølvbruningsmiddelet melanotan til fleire hundre kundar over heile Norge. Ekspertar meiner at det såkalla «barbiedopet» kan vere kreftframkallande og direkte livsfarleg.

Fjordane tingrett

INNRØMDE SAL: Ambulansearbeidaren innrømde sal av såkalla 'barbiedop'.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Sidan den spede starten i USA på 80-talet, har «barbiedop» spreidd seg rundt heile verda. Særleg har stoffet vore populært blant unge jenter.

– Eg innrømmer at eg selde stoffet, men det var saman med andre, sa mannen i retten og synte til at han hadde drive aktiviteten saman med si dåverande kone og ein kamerat.

Sende kontantar ut av landet

I retten vart mannen pressa av aktor, politiadvokat Inger Beth Fosse, til å forklare mellom anna korleis «barbiedopet» blei formidla ut til kundane.

– Vi bestilte stoffet via ei nettside, så fekk vi beskjed om kor vi skulle sende det vidare til dei ulike kundane, sa mannen.

– Kva då med pengane de skulle betale til dei de bestilte frå?

– Dei sende vi som kontantar, pakka inn i aluminiumsfolie og CD-cover til ulike adresser mellom anna til Danmark og Estland.

Mannen stod fram som nervøs og usikker i retten, og kunne i svært liten grad forklare kven oppdragsgjevarane var, og kvifor han valde å sende betalinga for «barbiedopet» til heilt ukjende folk i framande land.

(Artikkelen held fram under biletet)

Inger Beth Fosse

BARBIEDOP: Politiadvokat Inger Beth Fosse pressa tiltalte til å forklare korleis dopet vart formidla ut til kundane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vart åtvara av styresmaktene

Mannen er for tida sjukemeld frå si stilling som ambulansearbeidar ein stad på Vestlandet, og han forklarte også om ein tøff oppvekst med svak helse.

– Men det forklarer jo ikkje kvifor eg var så dum å drive med dette med melanotan, sa mannen og la stor vekt på at han ikkje var aleine om den ulovlege aktiviteten.

Ifølgje tiltalen dreiv han storstila sal av «barbiedop» frå 2007 til 2011, trass at han i 2008 vart åtvara mot dette i eit brev frå Statens legemiddelverk.

Fryktar at det fører til kreft

Medisinsk ansvarleg i legemiddelverket, Steinar Madsen, skal forklare seg for retten i ettermiddag. Til NRK seier Madsen at dei ser svært alvorleg på at det har vore ei omfattande omsetning av dette stoffet i Norge.

– Det vi er mest uroa over, er at stoffet kanskje kan overstimulere cellene i kroppen, slik at det blir produsert kreftceller. Det er eit veldig stort tal, men det betyr jo at det er spreidd til fleire hundre menneske i Norge, seier Madsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Madsen

FRYKTAR KREFT: Steinar Madsen i legemiddelverket fryktar at stoffet kan framkalle kreft hos brukarane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I retten kjem han til å leggje fram at «barbiedopet» ikkje er godkjend som legemiddel nokon stad i verda.

– Vi veit ikkje korleis det blir produsert eller kvar det kjem frå. Det er urovekkande, meiner Madsen.

Eks og kamerat fekk bot

Både eks-kona og ein kamerat av tiltalte har fått bot frå politiet for det påtalemakta meiner er medverknad til omsetninga av «barbiedop». Ingen av dei har godteke bota, men begge valde likevel å forklare seg for retten i dag.

– Eg trakk meg ut då eg fekk vite at dette kom til å bli ulovleg, sa kameraten som stilte både namnet sitt og kontoen sin til disposisjon då dei starta opp kjøp og sal av melanotan.

Mellom anna var nettsida dei brukte til marknadsføring registrert på kameraten, og det var også han som fekk brev og epost frå Statens legemiddelverk i 2007 og 2008, der dei peika å at omsetninga måtte ta slutt umiddelbart.

Advokaten til den tiltalte mannen vil ikkje la seg intervjue av NRK før seinare i saka.