Hopp til innhold

Innovasjon-boom under koronakrisa: – Måtte ta grep som hadde rask effekt

TYSNES (NRK): Telefonen slutta å ringa då pandemien ramma. No endrar dei forretningsmodell og flyttar produksjonen heim. Innovasjon Norge har tredobla tilskotet til nyskapande prosjekt, viser nye tal.

Verkstadhallen hos Vågen AS på Tysnes

PRODUSERER SJØLVE: Ingeniør Aleksander Fauske og dagleg leiar Børge Pedersen i Vågen AS lagar ei mikrokvern, som blant anna fiskeoppdrettarar har etterlyst.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Utan denne situasjonen hadde me nok ikkje gjort det. Men koronaen sende oss inn i eit vakuum. Me måtte ta grep som hadde rask effekt, seier Børge Pedersen hos Vågen AS.

Verksemda er ein av mange som har fått tilskot for å omstilla seg etter at koronakrisa trefte landet.

Hittil i år har Innovasjon Norge delt ut tre gonger meir i tilskot til nyskapande prosjekt enn på same tid i fjor.

Vil bli maskinleverandør-Ikea

Alle dei fem tilsette i Tysnes-selskapet blei delvis permitterte då koronapandemien slo til for fullt i vår. Førespurnadene tok slutt. Produksjonen i utlandet måtte også stenga ein periode på grunn av strenge koronatiltak.

Hovudproduktet har heilt sidan 1960-talet vore såkalla skruetransportørar, som finst på alt frå sjokoladefabrikkar til boreriggar. Ein skrue som går rundt i ei form, flyttar til dømes sjokoladebønner frå ein maskin til ein annan.

No har dei fått nesten 1,7 millionar kroner i tilskot og lån frå Innovasjon Norge til å omstilla seg. Målet er å bli prosessindustrien sitt svar på Ikea.

Skruetransportør hos Vågen AS

SPESIALISTAR: Vågen AS har sidan 1962 laga skruetransportørar som flyttar massar frå ein maskin til ein annan.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Mange tek høg risiko

– Kundane våre skal teikna sine eigne produkt i ein heilt ny nettbutikk, seier Pedersen.

Selskapet skal no henta heim monteringsarbeidet til Tysnes, for at dei ikkje skal vera avhengige av fabrikkar i utlandet. Monteringsverkstaden skal vere klar i haust, og går alt som det skal, kan alt vere på plass innan jul.

– Den største skilnaden for oss blir vesentleg kortare leveringstid og reduserte kostnader.

Innovasjon Norge er imponert over at Vågen AS og mange andre verksemder no tek grep for å finne nye måtar å tene pengar på.

– Me er overraska over at så mange hiv seg rundt og tek sopass høy risiko for å satsa på nyskaping, seier regiondirektør i Innovasjon Norge i Vestland, Nina Broch Mathisen.

Børge Pedersen i Vågen AS

TRUR PÅ NY FRAMTID: Dagleg leiar Børge Pedersen hos Vågen AS på Tysnes trur endringane i produksjonen gjer verksemda betre rusta til å takle utfordringar i framtida.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Tre gongar meir i tilskot

Det statlege selskapet, som skal fremma innovasjon i norsk næringsliv, har i år fått dobla dei samla rammene sine for lån og tilskot til 14 milliardar kroner i år på grunn av koronapandemien.

Pengane har fått bein å gå på.

Så langt i år har dei løyvd 2,17 milliardar kroner i tilskot til nyskapande prosjekt. Det er over tre gonger meir enn på same tid i fjor.

– Mange verksemder er imponerande flinke til å leita etter nye måtar å tena pengar på, seier Mathisen.

Nina Broch Mathisen

IMPONERT: Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge i Vestland.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Nokre kjem ikkje til å klare seg

Ho meiner at endå fleire må sjå seg om etter nye produkt og måtar å driva på, trass i at framtida også er uviss for dei som omstiller seg.

Mathisen er også klar på at det å endre seg også er eit sjansespel.

– Mange tek ein høg risiko i ein ukjend marknad. Me veit ikkje korleis marknaden er etter denne pandemien. Nokre av desse verksemdene kjem nok difor ikkje til å klara seg.

Men Mathisen har stor tru på endringane hos Vågen AS på Tysnes.

– Det er ein bedrift som er robust og evnar å tenkja nytt. Dyktige menneske som har moglegheiter til å lukkast.