Hopp til innhold

NVE: - Holet kjem ikkje til å utvide seg - natta etter rasa det endå meir

NVE fortalde at hola på innmarka ikkje kom til å utvide seg meir – natta etter synfaringa raste det ut endå meir masse.

Laurdag morgon oppdaga den pensjonerte bonden Gulleik Vigdal eit krater på naboeigedomen som sonen paktar i Vetlefjorden i Balestrand.

– Eg såg det fyrst i sjutida på laurdag, og då var det berre eit lite stykke heilt ytst som hadde reist. Så heldt det fram med å dette ut stykke for stykke.

Vigdal meiner at det fyrste holet hadde ei overflate på kring fem kvadratmeter. No er det oppe i om lag 300 kvadratmeter. I tillegg er det mellom ti og tolv meter på det djupaste – rett ned.

Nrk.no har tidlegare skrive om store øydeleggingar for bøndene grunna skred i Vetlefjorden i Balestrand.

– Viss det kjem mildvêr og regn, så vil det halde fram med å rase, meiner Vigdal.

NVE tok feil

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) var på synfaring i Vetlefjorden på tysdag. Dei kunne fortelje Vigdal at det no kom til å stabilisere seg med kaldvêret og at det ikkje ville rase ut meir.

– Det har sklidd ut fleire meter sidan dei var her på tysdag, fortel Vigdal.

Brigt Samdal, regionssjef i NVE, seier at dei vil gje råd om å sikre gropa relativt raskt.

– Me formulerer eit brev til lensmannen i dag, der me oppmodar om å få på plass tiltak for å stabilisere skråningane og å byggje opp att området.

– Kor raskt kan de få på plass slike tiltak?

– Det er kanskje det som er utfordringa i denne situasjonen – etter vårt syn må ein forsøkje å få på plass tiltak så raskt som mogleg – og så er det noko som lensmannen og Naturskadefondet må følgje opp og sjå kor raskt ein greier å få til dette, seier Samdal.

Bonde fortvila over stor krater

Bonde fortvilar over store krater på innmarka dei forpaktar. Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Vande med skred

Vigdal har budd i Vetlefjorden heile livet og er vand med at det går store ras, men aldri har det vore så ille som no.

– For 20 år sidan måtte me flytte kring 1800 kubikkmeter med masse og i 1983 flytta me 3200 kubikkmeter. I år reknar eg med at me må flytte minst 4000 kubikkmeter med rasmasse, fortel Vigdal.

Vigdal meiner å ha ei forklaring på kvifor det no er store krater på jordet.

– Vatn har greve under jorda. Det har oppstått eit trykk då skreda kom, som har fått massane til å losne på åkeren. Og viss ikkje hola blir tetta att, så kjem alt til å forsvinne ut i bekken.

Vigdal trur det er snakk om 7–8 mål med innmark som kjem til å skli ut. Han vonar at det vil kome geologar for å sjå på det, og at dei får hjelp til å fylle i dei store kratera på innmarka dei forpaktar.

– Me vonar me får eksperthjelp og at me får hjelp til å dekkje kostnadane. Det er jo ikkje me som er skuld i temperaturendringane og at det rasar her. Me har 300 sau, og me har bruk for absolutt alt graset. Og no som me har hatt isbrann i tillegg, så blir det tøft nok, seier ein tydeleg prega Vigdal.

Bygde ferdig traktorveg på fredag – rasa ut natt til laurdag

Me går opp i høgda for å sjå på kratera på avstand. Medan me står midt oppe i eitt av rasa som har gått over husa, fortel Vigdal at dette opphavleg var ein traktorveg.

– Me ferdigstilte denne vegen på fredag, men me hadde ikkje glede av han så lengje. No er det enorme steinmassar som dekkjer heile vegen her, i tillegg nådde skredet heilt ned til og over gardsvegen berre natta etter at vegen var ferdig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gulleik Vigdal

TRAKTORVEG: Gulleik Vigdal går nedover det som var ein nybygd traktorveg for mindre enn ei veke sidan. Dei fekk berre glede av han i nokre timar før raset kom.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Kan ta lang tid

Tidlegare lensmann Atle Førde er konsulent i arbeidet med å utnemne fagfolk for å taksere kostnadane. Han trur det kan bli ein lang prosess før bøndene kan få erstatning.

– Eg må i samarbeid med tingretten fyrst utnemne fagfolk til å vurdere skadeomfanget, så skal me skrive søknaden. Det kjem i tillegg til å ta tid å få han handsama av Naturskadefondet.