Innrømmer at innleigde kostar meir

Helsebyråden i Bergen sa først at det ikkje kostar meir å bruka vikarbyrå samanlikna med faste vikarar. No snur ho – og vedgår at dette kan kosta opp mot 4,5 millionar meir i året.

Medisinering ved Oslo Universitetssykehus, Radiumhospitalet

DYRT MED VIKARAR: Bergen kommune vedgår at dei brukar meir pengar på å leiga inn vikarar frå vikarbyrå enn å tilsetta faste vikarar. Sjukepleiarforbundet krev fleire faste tilsette.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Vallogo

– Forskjellen mellom ein ekstern vikar og eigen vikar kan dreia seg om 42.000 kroner per årsverk, seier Helsebyråd i Bergen Hilde Onarheim.

Ifølge eit notat frå byrådsavdeling for helse utgjer det 4.5 millionar kroner meir i året. Men det vert understreka at tala er usikre.

I fleire omgangar har bystyrerepresentantar frå SV og Arbeidarpartiet prøvd å fått svar på kor mykje meir det kostar Bergen kommune å leiga inn vikarar frå vikarbyrå samanlikna med å tilsetta faste vikarar i kommunen.

Skifta meining

I førre veke sa Onarheim dette på direkte spørsmål frå NRK:

– Det kostar faktisk nesten ikkje noko meir å leiga inn vikarar. Me har rekna ut at kanskje det dreiar seg om 3000 kroner per årsverk.

Etter at NRK såg nærare på tala til byrådet viste deg seg at provisjonen til vikarbyråa ikkje var tatt med i reknestykket.

Difor bad NRK om ei ny oversikt, som inkluderte administrasjonskostnadar. Då endra svaret seg.

Hilde Onarheim

Byråd for helse, Hilde Onarheim

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fagforbundet med høgare tal

I eit notat som fagforbundet har fått laga basert på tal byrådet tidlegare har gitt bystyret, vert det hevda at skilnaden mellom innleigde vikarar og fast tilsette vikarar er langt høgare. Minst 20 millionar i året.

Sara Bell

Fylkesleiar i Fagforbundet i Hordaland, Sara Bell.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– No nærmar dei seg våre tal. Me har rett i at det er dyrare å leiga inn eksterne enn å ha eigne tilsette, seier leiar i Fagforbundet i Bergen Sara Bell.

Ho reagerer på at tala byrådet oppgjev sprikar i alle retningar.

– Eg synest det er heile er lite truverdig. Me må anta at politisk leiing i Bergen kommune er seriøse nok til å produsera riktige tal, seier Bell.

Helsebyråden går ikkje med på at byrådet har mangla kontroll på kostnadane.

– Fagforbundet samanlikna ulike ting i notatet deira. No har me prøvd å gjera det riktig, seier Onarheim.

  • Les også: Norske kvinner på toppen i ufrivillig deltid

    Kvinne og menn i deltidsarbeid

    Kvinne

    Menn

    Totalt

    Kort deltid (1-19 timer/uke)

    228.000 (18%)

    109.000 (8%)

    338.000 (13%)

    Lang deltid (20-36 timer/uke)

    244.000 (19%)

    83.000 (6%)

    327.000 (12%)

    Heiltid (37 timer/uke eller mer)

    780.000 (62%)

    1.195.000 (86%)

    1.975.000 (75%)

    Totalt

    1.252.000

    1.387.000

    2.640.000

Kjelde: SSB (Tal frå fjerde kvartal 2014)

Mykje deltid i Bergen

NRK kunne førre veke fortelja at innan pleie og omsorg i Bergen kommune er 76 prosent av stillingane deltidsstillingar.

Sjukepleiarforbundet krev at Bergen vel fast tilsette vikarar framfor innleigde vikarar.

Mette Mikkelsen er fylkesleder ved Sykepleierforbundet Hordaland.

Mette Mikkelsen er fylkesleiar ved sjukepleiarforbundet i Hordaland.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Det er ein mykje betre utnytting av pengar å tilsetta eigne vikarar. Det er nok av folk som ønsker å fylla opp stillingane sine, seier fylkesleiar i sjukepleiarforbundet i Hordaland, Mette Mikkelsen.

Byråden hevdar at noko av vikarbruken uansett må komma frå byrå.

– Det er ikkje eit mål for Bergen kommune å bruka eksterne vikarar. Men når me treng ein sjukepleiar svært raskt, så har me gjerne ikkje dette lett tilgjengeleg, seier Onarheim.