Kritiske til innføringa av anonym retting

Som første fylke i landet innfører Hordaland ei permanent ordning med anonym retting av tentamenar i den vidaregåande skulen. Vedtaket møter kraftig kritikk i skulane.

Kyrre Grevstad og Ingvil Aarbakke

– MISTILLITSERKLÆRING: Lærarane Kyrre Grevstad og Ingvil Aarbakke er lite nøgd med at Hordaland fylkeskommune innfører anonym retting av tentamenar i den vidaregåande skulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det verkar som ein mistillitserklæring for å få bukt med eit eventuelt «trynefaktor-problem», meiner lærar Kyrre Grevstad.

Han er lærar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule. Grevstad og kollegaen Ingvil Aarbakke meiner lærarane no har fått uønska medisin mot eit problem som ikkje finst.

– Det går gjerne mest utover dei svakaste elevane. Det er dei som får ein god oppleving ved å få tilbakemelding om at «denne gongen har du klart det», seier Aarbakke.

– Respektlaust

Linn Holvik

KRITISK: Rektor Linn Holvik ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Som første fylkeskommune i landet valde Hordaland denne veka å gjera dei avsluttande heildagsprøvane anonyme. I vår innførte Rogaland ei prøveordning, men etter massive protsetar frå lærarar, endra dei ordninga.

Rektor Linn Holvik på Nordahl Grieg vgs. reagerer kraftig på vedtaket frå fylkeskommunen i Hordaland.

– Lærarane er høgt utdanna akademikarar, og følgjer nøye med på forsking. Dei er meir enn høgt nok utdanna til å ta den vurderinga sjølv, meiner ho.

Holvik tykkjer vedtaket om å gjera dei avsluttande heildagsprøvane anonyme er respektlaust ovanfor fagmiljøa på skulane.

– Elevane skal få ein rettferdig karakter

Dan Femoen frå Høgre seier det var viktig å lytta til elevane. Partiet gjekk nyleg til val på meir bruk av anonym retting.

– Det er viktig fordi elevane føler dei får ein objektiv, kvalitetssikra og ikkje minst ein rettferdig karakter. Som ikkje er basert på trynefaktoren som mange opplever, seier Femoen.

Han seier det viktigaste for dei er at elevane vert høyrde.

– Elevorganisasjonen har hatt ei undersøking der 6 av 10 elevar seier at trynefaktoren har hatt innverknad.

– Det er ikkje alltid elevane som skal ta avgjerdene. Me er sett til å styre skulen, svarar rektor Holvik.

Elevorganisasjonen nøgd

Bendik Finborud

NØGD: Bendik Finborud, leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er mange som har problem med at dei ikkje vert vurdert på sin kompetanse, men på kven dei er, seier leiar Bendik Finborud i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Han er glad for tiltaket til fylkeskommunen. Elevorganisasjonen har hatt undersøkingar som syner at mange elevar meiner karakterane er urettferdige.

– Eg vil tilbakevise det, det vil eg verkeleg gjere, seier Turid Strømmen i Utdanningsforbundet.

Dei stiller også spørsmål ved at fylkeskommunen støttar seg på svara frå 64 av dei 1000 elevane som har delteke i forsøket.

– For å rettleie er vi faktisk avhengige av å gje kommentarar som går direkte til eleven.

– Gjer meg dårlegare førebudd

Det siste året har 1 000 elevar gjennomført forsøket med anonym retting i Hordaland. På Nordahl Grieg vidaregåande meiner Karoline Sivertsen at ordninga gjorde ho dårlegare førebudd på eksamen.

– Det var litt vanskeleg å forstå kva eg kunne forbetre meg på. Det var berre raude strekar, forklarar ho.

– Eg kunne ikkje snakka med læraren min om det heller, for det var ikkje han som hadde retta den.

Arbeidarpartiet og Rasmus Rasmussen meiner høgresida overkøyrer lærarane.

– Dei har snakka om alle desse dårlege lærarane i skulen. Eg vil heller bruke energi på å snakke om dei mange gode lærarane i skulen, som er i full stand til å avgjere kva pedagogiske verktøy som skal nyttast, meiner han.