– Då var stemninga litt amper, og det forstår vi jo veldig, seier regionssjef for ferjer i Norled, Gaute Gangenes.
Ferjestrekninga Mannheller - Fodnes er av dei mest trafikkerte langs riksveg 5 over Sognefjorden.
Problemet oppstod onsdag denne veka då det skjedde eit vaktskifte i mannskapet mellom lasting og lossing. Då hamna 14 bilistar på nedre dekk i gløymeboka.
Enkelte eldre bilferjer har plass til bilar under hovuddekket. Det er eit lukka rom utan vindauge som blir stengd av mekaniske lemmar.
Menneskeleg svikt
Då luka til nedre dekk ikkje vart opna, og bilistane under dekk starta på tur nummer to, melde passasjerane til mannskapet.
– Det skal ikkje skje, men vi er ikkje meir enn menneske verken dei eller oss, så ting kan skje, forklarar Gangenes.
MENNESKELEG SVIKT: Regionssjef for ferjer i Norled, Gaute Gangenes beklagar bomturen.
Foto: NRK– Det er ikkje noko som skjer ofte, heldigvis.
Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.
Forvirring under dekk
Ein av passasjerane har pendla strekninga i 18 år. Anne Kari Hagen har aldri opplevd noko liknande.
– Eg vil ikkje kritisere dei, men dei må jo følge med. Det var bra at det ikkje var ein krisesituasjon.
I alt tok den uvanlege ferjeturen to timar.
– Dei burde ha kome og sagt ifrå tidlegare. Vi sat der i ein halvtime og venta og trudde det var eit problem med lemmen. Vi visste ikkje kva som skjedde, fortel Hagen.
INST I SOGNEFJORDEN: Ferja mellom Mannheller og Fodnes ligg inst i Sognefjorden mellom Sogndal og Lærdal.
– Snodig oppleving
Oddbjørn Halbjørhus var også ein av bilistane på nedre dekk. Då han høyrde at bilane på hovuddekket køyrde av ferja, skulle han til å starte bilen.
– Men luka opna aldri. Folk byrja å kike på kvarandre og lurte på om luka skulle opne. Vi lurte på om vi hadde blitt bortgløymd.
Etter ei stund kom ein av dei tilsette og sa at dei faktisk hadde blitt gløymd.
– Vi tok det med eit smil vi, vi hadde ikkje dårleg tid. Men det var jo ei litt snodig oppleving. Dei kom ned og beklaga seg veldig.