Hopp til innhold

Folket rår ho til å bli del av ein større kommune

Skal politikarane i Fjaler lytte til innbyggjarane bør kommunen slå seg saman med andre. Over åtte av ti spurte har nemleg svart at dei meiner Fjaler bør bli del av ein større kommune, i ei eller anna form.

Gunhild Berge Stang

STØRRE KOMMUNE: Ordførar Gunhild Berge Stang og politikarane har fått eit ganske klart råd frå innbyggjarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var veldig spennande kor vidt undersøkinga ville gje oss eit tydeleg svar. Det var ein viss risiko for at vi fekk jamstore svar og at det ville vere vanskeleg å vite kva fleirtalsviljen var. Men av undersøkinga ser det ut til å vere eit klart fleirtal for ei kommunereform og kommunesamanslåing, seier Venstre-ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang.

Fjaler er ein av fleire kommunar som har valt å be innbyggjarane til råds med ei såkalla innbyggjarundersøking. Undersøkinga er gjort av Opinion AS over telefon. I Fjaler har 399 innbyggjarar sagt sitt. 84 prosent av dei spurte er for samanslåing i ei eller anna form, medan 14 prosent meiner Fjaler bør halde fram med å stå åleine. Sjå tabellen under for meir.

Laster innhold, vennligst vent..

Klikk på grafikken for å sjå prosentfordelinga. Merk: To prosent av dei spurde har svart «Veit ikkje» eller «Vil ikkje svare».

- Eit tydeleg råd

Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang seier resultatet av undersøkinga på mange vis vart som venta.

– Det som kanskje var mest overraskande var kor liten del av innbyggjarane som ser ut til å ønskje å stå åleine. Det var ikkje overraskande at HAFS-alternativet var størst, seier Berge Stang.

– Er dette eit råd som gjer det enklare for politikarane?

– Det er iallfall eit tydeleg råd. Vi er avhengig av kva dei andre kommunane i HAFS vel. Som politikarar må vi gjere eit sjølvstendig val, basert på rådet frå folket og basert på situasjonen og viljen i dei andre kommunane.

At heile 84 prosent av dei spurte er for samanslåing i ei eller anna form meiner ordføraren viser at innbyggjarane tenkjer framtidsretta.

– Dette med å kommunisere ut kvifor kommunereforma er viktig er ikkje alltid like enkelt. Det handlar om korleis vi organiserer tenestetilbodet vårt, men kan vere litt vanskeleg å få fram.

– Men folk er opptekne av at kommunen skal vere i stand til å levere gode tenester, og det er ikkje tvil om at velferdssamfunnet vårt vil møte utfordringar framover med ei eldrebølgje og omstilling i økonomien. Då er vi nøydde til å vere i forkant og bidra til omstilling i offentleg sektor på ein god måte, seier Venstre-ordføraren.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Klikk på kartet for å sjå kva røystealternativ dei ulike kommunane har:

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)