Verksemda Sunnhordland Naturgass har no fått godkjent dei omstridde planane om å produsera biogass på industriområdet Eldøyane på Stord.
Dei meiner anlegget blir eit utstillingsvindauge for biogassproduksjon i Noreg. Når dei kjem i gang, kan dei produsera biogass tilsvarande forbruket til 3000 personbilar.
Men naboane fryktar mellom anna luktplager, og har
– Skal motbevisa påstandane
Byggearbeidet kan starta i løpet av ein månad, og Sunnhordland Naturgass seier dei no skal bevisa at anlegget ikkje blir ei belastning for naboane.
Dei næraste naboane bur berre 200 meter frå anlegget.
– Motstanden har vore enorm. Folk har jo vore redde for dette, og det må vi akseptera. Men no skal vi motbevisa påstandar som ikkje har vore rette, seier dagleg leiar Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass.
Råstoffet til produksjonen blir husdyrmøk og fiskeavfall som blir henta inn frå kommunane i området. Dette skal enda opp som biodrivstoff til bussar, lastebilar og båtar.
– Anlegget blir heilt lukka, og det kjem ikkje til å lukta. Men ein kan sjølvsagt ikkje garantera at det ikkje kan skje uhell, seier Pedersen.
- Les også:
Har gitt opp
Nabo Jakob Gullberg innser no at anlegget er godkjend, og kjem til å bli ein realitet.
– Vi har vel resignert, og er innforstått med at det ikkje hjelper å seia noko meir.
Han og dei andre naboane har argumentert med at anlegget vil kunna føra til lukt. Dei fryktar også støy og lysforureining frå auka båttrafikk.
Samla sett meiner naboane at ulempene vil føra til lågare verdi på eigedomane deira.
Hadde anlegget hatt ei anna plassering i området, seier Gullberg at naboane kunne ha vurdert saka annleis. Men han påpeikar at biogassanlegget blir liggande rett framfor huset.
– Dette er utsikta vår. Vi får det midt i fleisen, seier Gullberg.
- Les også: