Hopp til innhold

Innbrotsraid i Selje

Det har vore tre innbrot i Selje natt til fredag.

Klokka halvåtte fekk politiet melding om at nokon hadde teke seg inn i Selje Barnehage. Her har tjuvane fått med seg nokre PCar.

Ein halv time seinare tikka det inn endå ei melding til politiet. Denne gongen frå Flatraket skule. Her hadde tjuvane brote seg inn på rektor sitt kontor og fått med seg eit pengeskrin med ukjent beløp. Dei har også prøvd å bryte opp nokre skuffer utan å lukkast.

Rett før ni fekk politiet inn endå ei melding. På Selje skule hadde uvedkommande brote seg inn gjennom fleire dører. Men det er usikkert om dei har fått med seg noko av verdi.

- Set politiet desse sakene i samanheng ?

- Eg har ikkje grunn til å tru at det er fleire i Selje som planlegg innbrot i løpet av same natt, så det lyt ein tru, seier Kjenn Fonn ved politiet sin operasjonssentral i Florø.