Hopp til innhold

Innbrotsraid i Bergen

Politiet har fredag fått inn ni meldingar om innbrot eller forsøk på innbrot i Bergen. Politiet har si fulle hyre med å besøka alle og føreta åstadsundersøkingar. – Etter klokka 14 er det snakk om sju adresser i Bergen Vest. Det kan verka som metoden har samanheng med lister og vindauge, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord. Politiet ber folk melda frå om mistenkelege køyretøy.