Hopp til innhold

Innbrotsbølgje i fylket i natt: – Skremmande

Politiet har rykka ut på intet mindre enn fire innbrot rundt omkring i fylket i natt.

innrbudd i fylket

Det har vore ei hektisk natt for politiet i Hordaland. I tillegg til eit ran med tapetkniv på Støletorget, har dei gjennomført ein større aksjon mot eit lokale i Kaigaten i Bergen sentrum.

Her vart tre personar arrestert, mistenkt for bruk av narkotika og ulovleg pokerspel. Razziaen er ein del av ei større helerisaka som bergenspolitiet har etterforska sidan august. Når det gjeld ranet på Støletorget er ingen personar arrestert enno.

På toppen av dette har det vore fire innbrot i fylket i løpet av natta.

– Det er litt skremmande. Også med tanke på at det har vore ein del innbrot i Bergen sør dei siste vekene. Så her har vi noko å jobbe vidare med, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Tatt på fersken

Innbrotsbølgja begynte med melding frå Skytterhuset på Stend i Fana. Her har ein eller fleire gjerningspersonar knust eit vindauga for å ta seg inn i huset.

– Det er uklart kva som er tatt frå staden. Vi veit heller ikkje kven som står bak, det vil forhåpentlegvis etterforskinga avsløra, seier Magnussen.

Deretter gjekk det av ein innbrotsalarm i Sælenveien i Fyllingsdalen. Vektar kom til staden og bekrefta at nokon hadde tatt seg inn i kjellaren.

– Då vi kom på staden observerte vi tjuven inne i huset. Så han vart tatt med og sett i arresten.

Avslørt av hundepatrulje

Til slutt fekk politiet inn melding om innbrot i to butikkar aust for Voss sentrum. Også her er det uklart kva som er tatt vekk.

Politiet rykka ut med fleire patruljar for å jakte på gjerningspersonane. Til slutt var det ein hundepatrulje som sette dei på sporet av to mistenkte.

– Vi har arrestert to personar i Gudvangen-området, takka vera politihundane. Dei har komme seg eit stykke på veg, men det er ukjent kvar dei skulle.

Dei to mistenkte er sett i arresten og vil bli avhøyrt i løpet av dagen.