Hopp til innhold

Innbrot i kjøpesenter i Førde

FØRDE (NRK): I eit lokale fullt av verdifullt utstyr, var det berre ein batteridrill tjuvane tok med seg. Men til gjengjeld grisa dei med spraymålinga på kjøpesenteret Elvetorget i Førde.

Steinar Aase

FORTVILA: Butikkeigar Steinar Aase hos Power kallar hærverket for barnestrekar utført av ungdommar. – Eigentleg er det berre trist, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette kan fort få store konsekvensar for dei som står bak. Det kostar fort 10.000-20.000 kroner å reparere dette. Det er eigentleg berre trist, seier butikkeigar Steinar Aase hos Power i Førde.

Har videoopptak

Han skal snart flytte butikken sin til Elvetorget og er i ferd med å pusse opp lokala som fekk besøk av ubedne gjester natt til onsdag. Inne i lokalet var det mykje dyrt utstyr, men det var berre batteridrillen tjuvane tok seg bryet med å stele. Men i tillegg har dei også grisa til varebilen hans.

Ryddar etter hærverk på Elvetorget i Førde.

HÆRVERK: Ein tilsett ved Elvetorget i Førde ryddar etter nattas innbrot på kjøpesenteret. Uvedkomande har teke seg inn gjennom dette vindauget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Aase fortel at videoopptak syner at det var to ungdommar som var på ferde i natt. Då dei kom ut av bygningen kasta dei drillen på elva.

Mykje tilgrising

Ifølgje politibetjent Gunar Englund er det snakk om til dels omfattande skadeverk på bygningen.

– Det er tagga med spraymåling kringom på store deler av bygningen, forklarar han.

Englund seier det er snakk om det han kallar skribleri og ord og uttrykk.

– Eit vindauge er knust og det har truleg vore folk inne i bygningen. Innbrotet vart oppdaga i dag tidleg av folk som jobbar med oppussinga av lokala der eletronikkjeden Power skal inn.

Hærverk på Elvetorget i Førde.

TILGRISING: Fleire stader på bygningen er det grisa til med spraymåling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til avisa Firda seier Jonny Tjønn, dagleg leiar ved Elvegården, at han er overraska:

– Dei tok berre med seg ein batteridrill. Det er masse verdigjenstandar inni lokalet, så det er i grunn fantastisk at berre éin ting har forsvunne.

Varebilen til Power i Førde.

SPRAYA: Slik såg varebilen til Power ut då eigaren kom til butikken i dag tidleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Veit kven vi skal spørje

– Har de spor å gå etter?

– Vi får sjå i løpet av dagen. Vi har i alle fall folk vi skal spørje, seier Englund til NRK.

Elvetorget er eit fylkets største kjøpesenter, og eit av to store senter som ligg midt i Førde sentrum. Senteret har eit trettitals butikkar, kafear og frisørsalongar, i tillegg til ei rekkje kontor.

Innbrot i Førde 3