Hopp til innhold

Innbrot i 11 bilar

Natt til i dag har det vore innbrot i 11 bilar på Årdalstangen. Politiet har førebels ikkje oversikt over kor store verdiar som kan vere stolne.

Men det er stole både stereoanlegg og mindre summar i kontantar frå fleire av bilane, opplyser politibetjent Knut Arne Klingenberg.

Bilane stod parkert i området ved Tippen på Årdalstangen. Dørene på fleire av bilane er brotne opp, og låsane øydelagde.

Politiet er intressert i tips frå publikum, og dei oppmodar også folk om å sjå over bilane sine i tilfelle dei har hatt besøk av ubedne gjester i løpet av natta.