Hopp til innhold

Innbrot hjå gullsmed i Bergen

Tjuv knuste vindauge og forsynte seg frå ein gullsmedforretning på Nattland i natt.

Ein person vart sett løpande frå staden, men politiet står utan mistenkte eller arresterte i saka.

Meldinga kom inn klokka 00.30. Nokon har knust eit vindauge i ein gullsmedforretning i Nattlandsveien. Deretter har dei forsynt seg av gjenstandane som låg i utstillingsvindauga.

– Det er derfor uvisst om det har vore nokon inne i sjølve forretninga, eller om dei berre har tatt med seg det dei fekk tak i då vindauga var knust, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet.

Ukjente verdiar

Han har stort sett hatt ei roleg natt, sett bort ifrå to meldingar om innbrot. Ingen personar er arrestert etter innbrotet i Nattlandsveien.

– Vi har søkt med hundepatrulje i området utan resultat. Det er heller ikkje avklara kor mykje som er tatt vekk og kva totalverdien er på det, opplyser Rebnord.

Politiet har fått forklaring frå innehavar av gullsmedforretninga og håpar vidare undersøkingar vil ta dei nærare ein mistenkt i saka.

Slo til taxisjåfør

Også i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har det vore roleg, sett bort ifrå ein episode i ein taxi i Sveio.

Politiet fekk melding klokka 04.19 om at ein taxisjåfør var blitt slått til av ein mann i slutten av 30-åra.

– Mannen var rusa og svært trugande. No sit han i arresten i Haugesund, og vil bli avhøyrt av politiet i løpet av dagen, fortel operasjonsleiar Rune Plassen.

Taxisjåføren slapp unna med lettare kuttskadar i ansiktet. Forholdet vil bli politimeldt.

Innbrot hjå entreprenør

Den andre meldinga om innbrot i natt kom frå Fyllingsdalen i Bergen. Her har uvedkommande teke seg inn i ein bygning hjå eit entreprenørfirma.

– Det skal ha vore i eit bygg som ikkje er heilt ferdigstilt. Derfor var det også vanskeleg for politiet å sjå om noko er tatt derifrå, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.