Hopp til innhold

Ingvild (27) gjekk feil i snøen – her blir ho redda frå bratt fjellhylle

På veg ned frå fjellet ramla Ingvild (27) ned ei bratt fjellsida. Ho hamna på ei fjellhylle og frykta for livet.

Ingvild Indrebø blir redda i redningsaksjon

HER KJEM REDNINGA: Redningsmannskapet har klart å ta seg ned i den bratte skråninga for å redde Ingvild.

Foto: Ingvild Indrebø

– Eg er veldig heldig. Det var ikkje store fjellhylla eg landa på. Eg kunne like gjerne landa på sida og rulla utfor kanten. Då hadde eg ikkje overlevd, seier Ingvild Indrebø.

Ingvild Indrebø

LETTA: Ingvild Indrebø frå Førde seier ho fort kunne ramla utfor eit høgt stup. I dag takkar ho dei på redningshelikopteret.

Foto: Håvard Heggen

Ho gjekk den populære fjellturen Førdsnipa (863 moh.) ved Førde laurdag i pinsa. Det var bart nede, men då ho nærma seg toppen var det snø.

– Eg naut sola som veldig mange andre gjorde den dagen.

Utsikt frå Førdsnipa

SNØ PÅ TOPPEN: Dette biletet tok Ingvild før ulukka. Snø på toppen førte til at ho etter kvart vart usikker på vegen ned igjen.

Foto: Ingvild Indrebø

Problema starta då ho skulle gå ned igjen. Då miste ho stien fleire gongar på grunn av snøen. Plutseleg hamna ho i eit skråterreng kor ho kom for langt ned.

– Eg gjekk etter kvart på ein stad der eg såg det var bratt, men eg trudde at det skulle gå bra. Men så tok eg eit skritt til, og då ramla eg ned fjellsida. Eg klarte ikkje ta meg for eller noko. Kroppen stivna heilt, fortel Ingvild.

– Eg tenkte at dette ikkje kom til å gå bra og at no kan det hende at eg faktisk døyr. Så hugsar eg ikkje noko meir før eg vakne på ei fjellhylle.

Ho skjønte at ho måtte tilkalle hjelp, for ho kom seg ikkje opp igjen. På andre sida var det eit stup som gjekk langt ned. Ho la beina på to trestammar for å vere sikker på at ho ikkje skulle ramle.

Ingvild Nedrebø på fjellhylle

STØTTE: Ingvild sat på fjellhylla med to tre som støtte.

Foto: Ingvild Indrebø

Medan ho venta på redningshelikopteret, tok ho bilete for å dokumentere kor ho sat fast.

BRATT TERRENG: Det var bratt på alle kantar i terrenget rund fjellhylla.

– Eg sat der i nesten to timar. Når hjelpa kom, så var eg veldig glad. Men litt flau.

Ho ser i ettertid at ho burde passa betre på kor ho gjekk. Ho slapp unna med skrammer på armane.

Ingvild Indrebø rispa seg opp etter fallet på fjellhylla.

MERKER PÅ KROPPEN: Ingvild rispa seg etter at ho fall rundt 10 meter ned. Men ho slapp unna med mindre skader.

Foto: Privat

Kart og kompass

Røde Kors Hjelpekorps seier det kan oppstå nokre ekstra utfordringar på denne tida på året, som turgåarar bør vere merksame på.

– Stiane kan fort bli borte under snø. Med mykje regn kan også stiar sjå ut som bekkar. Det set ekstra krav til orienteringskunnskapen, seier landsrådsleiar, Kjersti Løvik.

Kjersti Løvik NorgesRøde Kors

UTFORDRING: Kjersti Løvik, landsrådsleiar i Røde Kors Hjelpekorps, seier det terreng med vekslande snø kan gi ekstra utfordringar.

Foto: Røde Kors

Organisasjonen rykker ut på rundt 2000 henteoppdrag i året. Ulike årstider skaper ulike utfordringar.

– Er du i eit terreng med vekslande snø, så er det ekstra viktig å ha noko å orientere med. Ver førebudd på terrenget du møter. Merkinga kan bli borte under snøen. Det å vite kor du er og det å ha eit kart, kan vere det som gjer at du ikkje misser stien.

I tillegg til kart og kompass, meiner ho gps-utstyr og mobilappar kan vere gode supplement.

Bratt terreng

Legen som var med redningshelikopteret frå Florø, seier Ingvild vart funnen i eit særs bratt terreng.

– Der ho sat var det veldig bratt. Det som var mest krevjande var at laus stein kunne løysast ut på grunn av trykket frå helikopteret, seier Bernhard Höllige, anestesilege ved Helse Førde.

Han stadfestar at ho berre sat eit par meter frå eit stup og at det var særs krevjande å kome seg både opp og ned. Han rosar henne for at ho ikkje forsøkte kome seg vekk på eiga hand. Og legg til at det kan vere små marginar ved hendingar som dette.

– Dersom ho hadde sklidd lenger kunne det gått mykje verre. Då ville ho ramla utfor kanten, seier Höllige.

FØRDSNIPA: Fjellet er eit av fleire som ligg rundt Førde.