Hopp til innhold

Hunden Bonnie stakk av og døydde etter påskefyrverkeri – no tar politiet grep

I fleire tiår har ein skote opp fyrverkeri i påska på hyttefeltet. I fjor enda det i tragedie då hunden Bonnie forsvann.

Ingvild Marie Ulvik og Bambi

SKREMD AV FYRVERKERI: Ingvild Marie Ulvik opplevde alle hundeeigarars verste mareritt då Bonnie forsvann i fjor. På bildet er hennar nye hund, Bambi.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

Kvar påske strøymer tusenvis av turistar til Kvamskogen utanfor Bergen, eit av dei største hyttefelta i Noreg.

Etter skiturar og appelsinar kulminerer feiringa i eit tradisjonelt fyrverkeri påskeaftan.

Men i fjor gjekk det gale.

Ingvild Marie Ulvik gledde seg til endå ei roleg feiring på den populære feriestaden. Natt til første påskedag tok det som skulle ha vore ein koseleg hyttetur ei brå vending då fyrverkeriet slo til med knall og pang.

Den sju år gamle airedale terrieren Bonnie tok fart. Ho måtte vekk frå lydane. Vekk frå frykta.

Gjennom heile natta leita eigarane etter hunden.

– Dottera mi var heilt fortvila. Me prøvde å rope til nokon som skaut opp fyrverkeri at dei måtte stoppe, men dei høyrde oss ikkje, seier Ulvik.

– Neste morgon håpte me at ho skulle stå på trappa, men det gjorde ho ikkje, legg ho til.

Fyrverkeri på Kvamskogen 2022

OMDISKUTERT: Fyrverkeritradisjonen har skapa mykje usemje blant hytteeigarar på Kvamskogen.

Foto: Arne Ristesund / Bergensavisen

– Me kjente igjen selen ho hadde på seg

Dronesøk, helikoptersøk og etterlysing med plakatar. Dei prøvde alt for å finne ho, men det var ingen spor.

I pinsen fekk dei ein telefon. Endeleg hadde nokon funne ho.

Ho låg i ei elv. Alt som var att, var leivningane.

Ulvik trur Bonnie døydde den dagen ho rømte. At ho hadde prøvd å krysse over elva, men dotte nedi og ikkje kome seg opp igjen.

– Me kjente igjen selen ho hadde på seg, men det var ingenting igjen av ho. Det var eit heilt forferdeleg syn.

Ingvild Marie Ulvik og airdale terrieren Bonnie

SAKN: Ingvild Marie Ulvik og Bonnie fekk sju år saman. Etter ho forsvann har saknet vore stort.

Foto: Privat

Har fått nok

I løpet av dei siste åra har klagane mot fyrverkeriet vore massive. Spesielt i fjor etter at Bonnie forsvann.

Etter tragedien i fjor har Ulvik fått nok.

– Når reglane er endra og det faktisk har vorte ulovleg, så tenker eg at det eigentleg ikkje er nokon diskusjon lenger.

Bonnie er eit døme på kor gale det kan gå – at nokon faktisk må bøte med livet.

Ingvild Marie Ulvik

MAKTESLØYSE: Ingvild Marie Ulvik fortel at dei kjente seg makteslause då dei ikkje fann Bonnie igjen.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

Fyrt opp sidan 90-talet

På hytteområdet Kvamskogen aust for Bergen har det sidan 90-talet har det vore tradisjon for å feire påskeaftan med fyrverkeri.

Sjølv om det har vorte mindre fyrverkeri dei siste åra, er det framleis folk som skyt opp.

Problemet er at dette er ulovleg.

For å kunne sende opp fyrverkeri andre gongar enn på nyttårsaftan treng ein nemleg spesialløyve frå brannvesenet.

Hyttefelt på Kvamskogen

POPULÆRT: Kvamskogen har om lag 9000 hytte- og campingbrukarar.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

Kan risikere bot

No er politiet lei av at folk bryt forbodet.

Terje Sperrevik, politiinspektør i Kvam, Samnanger og Tysnes, fortel at politiet satsar på førebygging og betre dialog med hytteeigarane.

Om nokon likevel vel å skyte opp fyrverkeri er Sperrevik tydeleg på at ein risikerer politimelding og potensielt bot.

– Det må påtale ta ei avgjerd på til slutt. Me er ute og snakkar med folk og forsøker å hindre at dette skjer.

Terje Sperrevik, politiinspektør Kvam, Samnanger og Tysnes

GÅR BREITT UT: Sperrevik fortel at politiet har samarbeidd med både brannvesen og hytteforeininga i førebyggingsarbeidet.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

Også hytteforeininga, Kvamskogen Vel, har vidareformidla beskjeden frå politiet.

Leiaren i foreininga, Edvard Skagen, seier at det er mykje dyr i området og fryktar eit redusert fugle- og dyreliv om fyrverkeriet held fram.

– Me oppfordrar alle hytte- og campingvogneigarar å respektere forbodet, og ønsker alle ein fredeleg påskefeiring utan fyrverkeri.

Ingvild Marie Ulvik og Bambi

TAKKSAM: Etter Bonnie forsvann skaffa familien seg ein ny hund. Det har letta på sorga. – Om ikkje hadde det vore ei ekstremt tung tid no, seier Ulvik.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK