Hopp til innhold

Ingenting til nye fengselsjobbar

– Eg er ufatteleg skuffa over at det ikkje kjem ei einaste krone, seier Roy Egil Stadheim i Vik fengsel.

vik fengsel

FÅR INGENTING: Det var ikkje plass til Vik fengsel i forslaget til Statsbudsjett 2017. - Eg blei rett og slett overraska over at vi ikkje får ei einaste krone, seier fengselsleiaren.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

Fengselsleiaren seier han blei særs overraska då Høgre og Frp-regjeringa i dag la fram forslag til Statsbudsjett 2017.

– Det er klart det er utruleg skuffande at det ikkje er snakk om noko pengar til å utvide Vik fengsel. Dei har fått ei billeg og god løysing til å auke kapasiteten på bordet, men dei har valt å ikkje gripe sjansen.

I tur og orden har Stadheim og Vik fengsel hatt besøk av Bjørn Lødemel i Høgre, Ulf Leirstein i Frp, Sveinung Rotevatn i Venstre, og av KrF med Kjell Ingolf Ropstad.

– Alle har vore samde, dette skulle ein få til. At ein då ikkje greier å finne 40 millionar kroner til dette, er skuffande, seier Stadheim.

Men fengseleiaren seier kampen framleis ikkje er tapt.

– Vi får berre køyre på vidare og håpe at dei tek dette i komitébehandlinga. Vi kjem i alle fall ikkje til å gi opp.