Hopp til innhold

Ingen veit kvar viruset kjem frå – no er det oppdaga både i Trondheim og Hyllestad

Store smitteutbrot i Trondheim og Hyllestad kan skuldast ein ny og meir smittsam variant av koronaviruset. No jobbar FHI på spreng for å finne ut om dette verkeleg er tilfelle.

Avdelingsdirektør Line Vold fra Folkehelseinstituttet.

UNDERSØKER: Avdelingsdirektør Line Vold i FHI kan førebels ikkje svare på om dei nye variantane av koronaviruset er meir smittsame enn dei vi har sett så langt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Smitten har auka i Trondheim den siste tida. Fleire utestadar er stengde, og over tusen personar er sette i karantene. Kommuneoverlegen i Trondheim meiner viruset er ein variant som smittar lettare.

Seinast torsdag kom meldinga om at 220 studentar ved NTNU er sette i karantene etter at to studentar fekk påvist koronasmitte.

90 verftsarbeidarar vart smitta

Ein liknande variant av viruset vart også oppdaga under utbrotet i Hyllestad kommune. Den vesle kommunen var 100 gonger over raudt smittenivå etter eit utbrot som vart spora tilbake til skipsverftet Havyard. Totalt 90 personar fekk påvist smitte, og verftet måtte halde stengt i over to veker.

Det er også rapportert om eit liknande virus i Storbritannia. FHI undersøker om dette er den same varianten som fører til massespreiing i England og Wales.

Havyard Leirvik mai 2015

STORT UTBROT: Skipsverftet til Havyard i Leirvik i Hyllestad måtte stengje då 80 personar med tilknyting til verftet vart smitta av koronaviruset.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ser nærare på fleire virus

Berre i oktober er det oppdaga to ulike variantar av koronaviruset i Noreg.

Det er heilt vanleg at eit virus muterer, men FHI meiner det er viktig å sjå nærare på viruset som stammar frå Trondheim og Hyllestad. Det gjeld og smitte i turistbussen frå Rogaland der dei fleste passasjerane vart smitta. Dette er to ulike variantar vi ikkje har hatt i Noreg før no.

Varianten frå turistbussen er også oppdaga i andre europeiske land og i Australia.

Sjekkar om det er meir smittsamt

Til NRK seier avdelingsdirektør Line Vold at analysar av arvestoffa i desse virusa syner at dei er ganske like kvarandre, og mest truleg i nær slekt. Ho seier at det er naturleg at det skjer endringar i eit virus.

– Vi ventar å sjå endringar også i tida som kjem. Vi overvakar dette ved referanselaboratoriumet vårt, seier Vold.

– Er det ein meir smittsamt variant vi ser?

– Det veit vi ikkje enno. Vi skal undersøke dette nærmare, og samanlikne med epidemiologiske opplysningar frå utbrota.

Kan vere andre variantar i Storbritannia

– Det er berre rapportert om eit liknande virus i Storbritannia, der det no er massespreiing. Er det grunn til å tru at det er det same?

– I Storbritannia har dei auka smitte i heile landet, og det sirkulerer mange ulike variantar av koronaviruset, så auken er ikkje knytte til berre ein variant av viruset, forklarar Vold.

– Kva får det eventuelt å seie for arbeidet med å avgrense spreiing?

– Mekanismane for å stoppe smittespreiing er dei same. Det er viktig å kome raskt i gang med smittesporingsarbeidet og vere raske til å spore kontaktar og få sett dei i karantene.

Ordførar utelukkar ikkje same virus

Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap) kjenner ikkje detaljane rundt den nye varianten, men når han høyrer teoriane, synest han ikkje det høyrest heilt urealistisk ut.

– Det kan jo vere noko av årsaka til at så mange vart smitta her hos oss, seier han.

Eide seier at det uansett ikkje betyr noko for korleis dei no har organisert smittevernarbeidet på. Men han vedgår at dei ikkje var godt nok førebudde på det store smitteutbrotet ved skipsverftet.

– Vi var ikkje rigga for eit så stort utbrot, men trass alt klarte vi å kome bra frå det med å handle korrekt, seier Eide.

Og til kommunar som no opplever nye utbrot, har han denne oppmodinga:

– Ta det på alvor og ta det med rota. Det spreier seg raskt. Og be om hjelp frå statlege helsestyresmakter.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad (Ap)

UTELUKKAR IKKJE: Ordførar Kjell Eide i Hyllestad seier viruset spreidde seg raskt, og han utelukkar ikkje at det kan ha vore den nye varianten som var på ferde i kommunen hans.

Foto: Raymond Lidal / NRK