Hopp til innhold

Ingen vakne då gut (10) rømte

Det var berre sovande vakt på barneheimen. No skal vakta vera vaken.

10-åring alene ute midt på natta

Den ti år gamle guten vart funnen sju kilometer i frå institusjonen han bur på, klokka 3 om natta.

Det var ingen vaken vakt på Voss familie- og barnevernsenter då ein ti år gamal gut stakk av frå heimen midt på natta.

Etter at NRK meldte om ein barnevernsgut som vart funnen gåande ute midt på natta på Voss, har Barne-, ungdoms- og familietaten, Bufetat, kalla barneheimen inn på teppet.

Og no vert rutinane ved heimen endra.

– Skal ha vaken nattevakt

Då guten stakk av i frå barneheimen var det berre sovande nattevakt på jobb.

No vert det vaken nattevakt på barnevernsinstitusjonen.

– På møte med barneheimen onsdag diskuterte me korleis me kan organisera vaktordninga, slik at ein har vaken nattevakt på jobb, fortel regiondirektør i Bufetat, Borghild Lekve.

Direktør for region vest i Bufetat, Borghild Lekve

- Ikkje akseptabelt at ein tiåring går ute aleine om natta, slår direktør for Bufetat, region Vest, Borghild Lekve fast.

Foto: Bufetat / pressefoto

– Uakseptabelt

– Ingen tiåring skal vandra ute om natta, det er fullstendig uakseptabelt, understrekar direktøren for Bufetat region vest.

– Når det gjeld denne hendinga, så håper me at dette er eit enkeltilfelle.

– Det er klart at ein aldri kan gardera seg heilt, men me skal i størst mogleg grad ha rutinar for å sikra at dette aldri skjer igjen, avsluttar Lekve.

Sterke reaksjonar

Det var fredag NRK meldte om den ti år gamle guten som vandra ute aleine midt på natta.

Video FORSVANT FRA BARNEHJEM

INGEN GRUNN TIL URO: Barnevernsguten vart funnen ved E 16. Ekteparet som fann han var rysta over svara dei fekk då dei ringte politiet.

Ekteparet Kjell og Veronica Kallestad fann guten og ringte politiet, som ikkje ville vekka den sovande politibetjenten på Voss for å henta guten.

Verken politi eller barneheimen henta guten på over førti minutt.

Kjell og Veronica Kallestad

Det var Kjell og Veronica Kallestad som fann den ti år gamle guten langs E 16 klokka 3 om natta. Dei var sjokkerte over at ingen henta guten, sjølv om dei venta med han i førti minutt.

Foto: Privat

Saka fekk mellom anna stortingspolitiker for Senterpartiet Kjersti Toppe å reagera. .

Ho sa til NRK at det er nødvendig med ei gjennomgang av kva politiet og barnevernet gjer i slike rømningssaker.