Hopp til innhold

Ingen urovekkande droneobservasjonar siste døgn

Vest politidistrikt har ikkje fått inn konkrete meldingar om droneobservasjonar rundt infrastruktur dei uroar seg over det siste døgeret.

– Me får veldig mykje meldingar. Dei kontrollerer, verifiserer og sjekkar me ut fortløpande. Det er viktig at folk melder frå om ting dei synest er mistenkjelege knytt til sensitive objekt, seier stabssjef Gustav Landro i politidistriktet.